Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Kort om stillinga
Vi har behov for fleire legar med på laget ved Nordhordland legevakt, og lyser derfor etter fleire legar til nyoppretta faste stillingar på natt. Vi opnar for at du kan arbeide "nordsjøturnus", der du har arbeidsintensive periodar på 7 dagar, med 14 dagars samanhengande fri i etterkant. Andre løysingar på arbeidstid kan diskuterast.

Om Nordhordland legevakt og stillinga
Nordhordland legevakt (NHLV) er organisert som ei av tre avdelingar under tenesteområde lege- og rehabilitering. Nordhordland legevakt er lokalisert i moderne lokaler på Helsehuset i Knarvik. På dagtid er legevakta for Alver kommune. På kveld, natt og helg er legevakta interkommunal for 7 kommunar. Innbyggjartalet i vaktdistriktet er om lag 45.000. Det er normalt 2 legar på vakt og 2-4 sjukepleiare, avhengig av tidspunkt på døgnet. NHLV er veldreve, med høgt kvalifiserte medarbeidarar. 

Nordhordland legevakt har om lag 24 årsverk i faste stillingar. Legearbeidet blir utført av fastlegar og legar med hovudstilling andre stader i eller utanfor kommunane. Gjennom eit år er om lag 100 medarbeidarar knytt til legevakta. Legevaktsentralen er bemanna av sjukepleiarar.

I denne stillinga vil du jobbe i fast stilling som lege i turnus ved Nordhordland legevakt. Du jobbar sjølvstendig, eller saman med ein annan legekollega, og du inngår i eit team av dyktige legar og erfarne sjukepleiare. Du har vakt i lokala til NHLV og rykker ut til hendingar der det er behov.

Vi ønskjer å få inn fleire legar som roterer i ein 3. vekers turnus. Vaktene vil være nattevakter, og du arbeider 7 vakter med kveld og natt per arbeidsperiode. I etterkant av arbeidsveka di har du 14 dagar arbeidsfri. Stillingsprosent vil være ca 80% i planlagt vaktoppsett, men dersom du ønskjer 100 % stilling vil vi gjerne forsøke å få det til.  

Reise og bustad
Dersom du ikkje bur nærmt nok til å dagpendle til Alver stiller vi med bustad når du er her i vaktperiodane dine. Du vil også få dekka kjøregodtgjering eller reise etter avtale når du kjem reisande til vaktperioden din. 

Ta kontakt!
Dersom løysinga vi skisserer ikkje er heilt kva du ønsker, men du er interessert i legevaktsarbeid med arbeidsintensive periodar ber vi deg om å ta kontakt med avdelingsleiar Grethe Valdersnes. Det kan tenkast at vi kan finne alternative løysingar som kan passe begge partar! 

Arbeidsoppgåver
  • Undersøke, vurdere og behandle pasientar som oppsøkjer legevakta
  • Ivareta funksjon som vaktlege kobla til nødnett
  • Bidra til god samhandling mellom øvrig personell, fastlegar, ambulanse og andre aktørar
Kompetansekrav
  • Autorisasjon som lege.
  • Gjennomført LIS1 - teneste
  • Erfaring frå legevakt og kommunale helsetenester, eller anna relevant erfaring
  • Du er vaktkompetent, eller er villig til å bli det
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og muntleg
  • Førarkort klasse B
Dersom du har gjennomført akuttmedisinkurs og er vaktkompetent er dette eit føremon. 

Personlege eigenskapar som vert vektlagt
Vi søkjer etter ein lege som har gode kommunikasjonsevner både med pasienter og kolleger. Vi ønskjer at du er løysingsorientert og kan snu deg raskt i ein spennande og travel arbeidskvardag. Som lege på legevakten er det viktig at du er robust og kan tåle skiftet mellom dei akutte situasjonane, og dei meir vanlege konsultasjonar.  

Vi tilbyr
  • Stor grad av variasjon og sjølvstende i arbeidet
  • Eit svært kompetent og breidt fagmiljø i Helsehuset
  • Løn etter avtale
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova §5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du
Trykk knappen "send søknad" på denne siden. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. 

Bli kjent med Alver kommune
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Alver kommune
Kontaktperson
Navn: Grethe H. F. Valdersnes
Telefon: +47 97592151
Arbeidssted
Kvassnesvegen 40
5914 ISDALSTØ