Klinikk psykisk helsevern for barn og unge søker ein klinikkoverlege som er engasjert, ansvarleg, løysingsorientert og bidrar til eit fagleg spennande og inkluderande arbeidsmiljø. Som klinikkoverlege vil du vere ein del av klinikkens leiargruppe og delta i utvikling av framtidas psykiske helsevern for barn og unge, inkludert etablering av tenester, nye måtar å jobbe på og samarbeid med andre klinikkar og etatar.
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge si hovudoppgåve er å tilby barn og unge og familiane deira den beste behandlinga og oppfølginga. I tillegg legg vi vekt på samarbeid med aktørar internt i Helse Bergen, med våre kommunar og Bufetat, for å tilby gode, koordinerte tenester. Klinikken har utvikla gode rutinar for kunnskapsbasert praksis, fleire spesialiserte fagmiljø og innovative tilbod. Vi legg til rette for klinikknær forsking og innovasjon. Det er stor vitskapleg aktivitet i klinikken.
Klinikken har ca. 400 tilsette fordelt på dei sju poliklinikkane våre, tre sengepostar, ambulante tenester og spesialpoliklinikk. Av desse er ca. 50 legar. Som klinikkoverlege vil du ha ei sentral rolle i samarbeid med legegruppa og med utdanningsansvarleg overlege og forskingsleiar.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram merknadsfri politiattest (vandel) jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.