Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Vi har ledig stilling for overlege ved føde- og gyn seksjonen ved Klinikk Volda sjukehus.
Dersom internt opprykk blir det ledig stilling for LIS3.
Det er normert 8 stillingar, for tida fordelt på 5 overlegar og 3 LIS. Vi treng ein "allrounder" innan spesialiteten. Føden har ca 500 fødslar i året, lav- til moderat-risiko fødslar. Vi opererer ikkje kreft, men ellers tek vi oss av alle vanlege tilstandar innan det gynekologiske området. Det er 5-delt vakt, med heimevakt om natta. Både seksjonen og sjukehuset elles, har godt arbeidsmiljø, er veldrive og godt utstyrt. Vi har barnelege, men inga barneavdeling.
Du finn Volda midt i det beste Noreg kan by på av fjell og fjord. Her kan du oppleve dei ville og vakre sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Her er også eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her:
https://www.youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY og her:
https://www.youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon og norsk spesialistgodkjenning
- Godt norsk/skandinaviske språk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjement
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Medverke til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår