Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Ønskjer du å bli vår nye kollega? Vi søkjer deg som ønskjer å lære meir om barne- og ungdomspsykiatri og vere ein del av eit fagleg godt fellesskap. Vi kan tilby spennande og meningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø for deg som har lyst til å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidelsar. 

I avdelinga vår har vi ledig 100% fast stilling i poliklinikken i Ålesund frå snarast og  også 100% vikariat som LIS-lege ved døgnseksjonen i Ålesund. Vikariatet i døgnseksjonen er ledig frå 01.06.2023 til 31.08.2024, med høve for fast ansettelse i poliklinikken i etterkant.

Avdeling Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Poliklinikken i Ålesund og døgnseksjonen si eining  i Ålesund er samlokalisert. 

Poliklinikken har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge og familiane deira. Personalet ved poliklinikken er sett saman av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege, geografisk organiserte team. I tillegg har vi eit småbarnsteam og eit akutt-ambulant team. Vi kan vere fleksible i forhold til kva team ein vel å arbeide i.

Døgnseksjonen, Akutt- og utgreiingseininga i Ålesund, har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar og er eit tilbod for heile Møre og Romsdal. 
Vi tek imot pasientar med psykiske lidelsar, både til frivilleg innlegging og til tvungen psykisk helsevern. Behandlinga blir individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog).
Teamarbeid er basisen i tilbodet på sengeposten. Ved sidan av ei tverrfagleg samansett miljøterapeutgruppe, har vi 2 overlegestillingar, 1 stilling for psykolog/psykologspesialist og 1 stilling for LIS. I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.

Tilsetting vil kunne føre til godkjent og teljande teneste i spesialiteten barne- og ungdomspsykiatri. Avdelinga vil sikre alle delar av utdanningsvilkåra.
Legen vil kunne delta i lokal og regional LIS-utdanning.

Arbeidsstad er i vakre Ålesund, med flott natur og eit rikt kulturliv. For meir informasjon om Ålesund og omland, sjå  https://www.visitalesund.com/  

 

VI ber om at ev. attestar/tenestebevis frå tidlegare arbeidsforhold blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering, medisinering og behandling/stabilisering
  • Fagleg utviklingsarbeid
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Lege ved døgnseksjonen vil ta del i felles vaktordning med psykisk helsevern for vaksne

Kvalifikasjonar

  • Gjennomført og bestått LIS1-tjeneste, eller turnusteneste etter gammal ordning.
  • Vi søkjer primært etter deg som ønskjer å bli spesialist i barne- og ungdomspsykiatri, men også andre legar er velkomne til å søkje, til dels legar som spesialiserer seg innan allmennmedisin eller vaksenpsykiatri.
  • For å kunne gjere ein god jobb må du mestre norsk språk svært godt, både muntleg og skriftleg.
  • Lege før turnus kan vere aktuell for tidsbegrensa tilsetting, og er derfor velkomne til å søkje.

Personlege eigenskapar

  • Evne og vilje til samarbeid og omstilling
  • Gode relasjonelle egenskaper og evner til kommunikasjon, både med pasientar, pårørande og kollegaer, og fremstå som en trygg og kompetent voksen
  • Interesse for fag- og organisasjonsutvikling og forbetringsarbeid
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstid
  • Evner som lagspelar, men vere sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
  • Evne til å medvirke til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ved poliklinikken tilbyr vi spesifikke behandlingstilbod for psykose (PEF), traumer (TF-CBT), spiseforstyrrelse (FBT), OCD- og angstbehandling innanfor 4-dagers formatet samt gruppebehandling (MBT-basert) for ungdom. Desse er knytta til ressursgrupper i avdelinga vår, der også tilsette  i døgnseksjonen deltek.
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Inger Ann Berge
Tittel: Seksjonsleiar Poliklinikk Ålesund
Telefon: 70167200
E-post: inger.ann.berge@helse-mr.no
Navn: Beate Olsbø Nilsen
Tittel: Seksjonsleiar Døgnseksjon Åesund
Telefon: 70106700
E-post: beate.olsbo.nilsen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Avdeling psykisk helsevern barn og unge, Helse Møre og Romsdal HF
Geilebergvegen 20
6017 Ålesund