Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) i Stavanger dekkar ein barnepopulasjon på omlag 88.000 born i alderen 0-18 år. Avdelinga består av seksjon barn og ungdom 3E4D, seksjon nyføddintensiv 3D og seksjon barne- og ungdomspoliklinikken. Sengepost barn og ungdom utgreier og behandlar pasientar med alle typar pediatriske problemstillingar. Nyføddintensiv mottar nyfødde med behov for intensivbehandling frå heile Rogaland. Der er omlag 2200 innleggingar pr år korav omlag 570 ved nyføddavdelinga og 1630 ved sengepost barn/ungdom. Sjukehuset har ca. 4200 fødslar årleg. Der er ein spesialisert poliklinikk med omlag 18 000 konsultasjonar pr år, innan alle pediatriske fagfelt. Avdelinga har tilknytta eit CL-team, og eit barnepalliativt team i samarbeid med Habilitering for barn og unge. 

LIS i pediatri får dekka alle læringsmål i løpet av tenesta ved avdelinga. Avdelinga underviser medisinerstudentar frå Universitetet i Bergen ved utplassering i klinisk praksis to gongar i året. Frå hausten 2024 vil BUK delta i Vestlandslegen der medisinstudentar frå UiB skal ha heile undervisninga i Stavangerregionen dei tre siste studieåra. 

Avdelinga har 19,5 overlegestillingar tilknytta barn/ungdom, og legane er tilknytta ei eller fleire ulike faggrupper. Avdelingsoverlege er næraste leiar. 

Det er no ledig to faste overlegestillingar ved avdelinga. Søkarar må ha kompetanse/erfaring frå eitt eller fleire av følgande fagfelt: Pediatrisk endokrinologi, hematoonkologi, gastroenterologi og nefrologi. Ved intern tilsetjing kan det bli ledig andre vikariat. Snarleg tiltreding er ønskeleg. 

Attestar, vitnemål og eventuell annan relevant dokumentasjon må vedleggast søknaden. Dersom LIS søker, må det framgå av søknaden kva som gjenstår av tenestetid/læringsmål. 

Arbeidsoppgaver

  • Arbeidsoppgåver vil omfatta arbeid ved poliklinikk, dagpost og sengepost samt vakt.
  • Per no er bakvaktsjiktet 14-delt. Det pågår eit arbeid med å oppretta eit mellomvaktsjikt, og overlegar vil normalt gå vakt i eitt av desse to sjikta. 
  • Legen deltar i avdelinga sitt internundervisningsprogram samt undervisning på LMS-senter for pasientar og pårørande.
  • Legen deltar i supervisjon og rettleiing av legar i spesialisering, i studentundervisning samt i relevant faggruppe. SUS tilbyr rettleiarkurs for overlegar.  

Kvalifikasjoner

  • Autorisasjon som lege.
  • Spesialist i pediatri med etterspurt kompetanse. LIS med kort tid igjen til spesialitet og erfaring/kompetanse i aktuelle fagfelt er også velkomne til å søka. Det må i så fall framgå kva som gjenstår av tenestetid/kurs/læringsmål før kandidaten kan søka om spesialistgodkjenning.  
  • Forskingskompetanse eller interesse for forsking er ønskeleg.
  • Søkar må beherska norsk skriftleg og munnleg svært godt. Søkarar med anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregåande skule, må min. ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i foretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå.
  • Det vil bli krevd politiattest av den som blir tilsett, jfr. Helsepersonelloven §20a.

Personlige egenskaper

  • Fagleg engasjement og god vurderingsevne.
  • Evne til å prioritera, vera tydeleg og ta avgjerder.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med kolleger og pasienter. 
  • Evne til å arbeida strukturert, effektivt og målretta.
  • Evne til både å jobba sjølvstendig og tverrfagleg i team.
  • Søkar må vera ansvarsbevisst, fleksibel og løysingsorientert. 
  • Evne til å bidra positivt i arbeidsmiljøet, både fagleg og kollegialt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overenskomst
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderende arbeidsliv(IA)-bedrift
  • Turgruppe og bedriftidrettslag

Mangfoldserklæring

Foretaksgruppa i Helse Vest ønsker å gjenspeila mangfoldet i befolkninga i vår rekruttering. Vi oppfordrer alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Foretaksgruppa Helse Vest ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Stavanger HF
Kontaktperson
Navn: Ann Marit Gilje
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 51 51 34 89
Arbeidssted
Kvinne- og barneklinikken / barneklinikken leger, Helse Stavanger HF
Gerd Ragna Bloch Thorsens gate
4019 Stavanger
Mer om arbeidsgiver

Ønsker du å gjøre en forskjell på et av landets største sykehus? Stavanger universitetssjukehus tren...

Besøk arbeidsgivers profilside
teaser image