Har du klinisk spesialitet og lyst til å lære meir om hyperbar oksygenbehandling og sjøfartsmedisin? Yrkesmedisinsk avdeling har ledig ei kombinasjonsstilling med 50% klinisk arbeid ved Seksjon for hyperbarmedisin og 50% arbeid ved Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin (NSMDM), inkludert telemedisinsk vaktteneste i Radio Medico.
Seksjon for hyperbarmedisin er ein poliklinikk med nasjonal behandlingsteneste for elektiv hyperbar oksygenbehandling (HBO). Paseintgruppa omfatter i hovedsak stråleskader etter kreftbehandling. Dei elektive pasientane får poliklinisk seriebehandling i trykkammer fem dagar per veke i seks veker. Poliklinikken har opningstid frå
kl 07.30 til 16.30. Vi tilbyr òg øyeblikkeleg hjelp HBO i helseregion vest og midt-Noreg for t.d. dykkarsjuke.
Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin er eit nasjonalt kompetansesenter ved Yrkesmedisinsk avdeling, Helse Bergen, med formål om å fremme helse mellom sjøfolk og dykkarar. Senteret driv m.a. undervisning, rådgjeving, saksbehandling, forsking, utvikling av medisinske læremiddel, regelverksarbeid, seleksjonsmedisinske utgreiingar av dykkarar og sjøfolk. I tillegg driftar senteret den norske telemedisinske legevakta for sjøfolk, Radio Medico. Vi jobbar tett med m.a. Sjøfartsdirektoratet, Forsvaret og Universitetet i Bergen, og ei rekke prosjektsamarbeid med andre offentlege, ideelle og private aktørar innan den maritime næringa i Noreg og i utlandet.
- ved Seksjon for hyperbarmedisin
- ved Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin
Arbeidsoppgåver vil kunne bli endra over tid, tilpassa senterets utvikling/behov og kompetansesamansettinga i personellgruppa.
Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknaden
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.