Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Me søker:
-etter sjukeheimslege i 100 % vikariat på korttid-rehabiliteringsavdeling i Time kommune.  VIkariatet er for ein lege  i fødselspermisjon og er ca frå 01.09.23. Arbeidstid er på dagtid. Fagleg relevant erfaring og kompetanse vert lagt vekt på. 

Om arbeidsplassen:
Sivdamheimen sjukeheim har 20 kortids- og rehabiliteringsplassar med 2 lindrande senger og ei demensavdeling med 21 plassar. Sjukeheimen driv etter tverrfaglege prinsipp med sjukeheimslegen som ein sentral og viktig fagperson. Det er eit godt tverrfagleg samarbeidsklima og eit godt arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver
  •  Medisinsk oppfølging av inneliggande pasientar
  • Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
  •  Utarbeiding og oppfølging av rutinar og kvalitetssikring
  •  Internundervisning må påreknast
  •  Ønskeleg med deltaking på faste emnekurs i sjukeheimsmedisin, vanlegvis kursdager i året 
  • Dersom ønskeleg er det mogleg  å delta i interkommunal sjukeheimsvakt  
Ved fråvær for eksempel under ferieavvikling, kan det vera aktuelt å hjelpa til på Bryneheimen.     

Kvalifikasjonar
  • Godkjent autorisasjon som lege
  • Ønskelig med godkjent LIS 1 
  • Det er krav om politiattest

Personlege eigenskapar
  • Søkar må ha gode kommunikasjonsevner med gode språkferdigheiter i norsk munnleg og skiftleg, min. B2 nivå
  • Gode eigenskapar i teamarbeid og pasient-/pårørandekontakt
  • Me legg vekt på at den som vert tilsett er eigna for stillinga

Me tilbyr
  • Godt arbeidsmiljø
  • Faglege utfordringar og engasjerte kollegaer
  • Jamlege møte med kommuneoverlege og andre sjukeheimslegar
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Sykehjemslege
Arbeidsgiver
Time kommune
Kontaktperson
Navn: Bylgja Ingvadottir
Tittel: Verksemdleiar
Telefon: 412 41 452
Hjemmeside
Arbeidssted
Røyrvika 10
4340 BRYNE