Helse Bergen, Voss sjukehus, har ledig ledig vikariat frå 01.09.2023 og til 31.08.2024 for lege i spesialisering, LIS2, i indremedisin. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.
Voss sjukehus har utdanningsansvarleg overlege, og Medisinsk avdeling har strukturert LIS2 utdanning etter den nye ordninga i samarbeid med Helse Bergen.
Stillinga inngår for tida i 8-delt vaktordning.
Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv/rec., radiologi med CT- og MR lab., fysioterapiavdeling og laboratorium med blodbank. Voss sjukehus har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt aktivitetsvekst og ønskjer å fortsette den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.
Ein samla utviklingsplan, "Nye Voss sjukehus fram mot 2035", er no under arbeid. Planen har som mål å utvikle eit framtidsretta sjukehus, der nytt areal og infrastruktur skal støtte opp om aktiviteten ved sjukehuset.
Voss herad har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
Å bu og jobbe på Voss
Ta gjerne kontakt ved spørsmål om stillinga.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.