Avdeling for barnemedisin og habilitering har behov for å styrke bemanninga ved sjukehuset i Kristiansund. Vi søkjer etter vaktkompetent Lege i spesialisering innan barnemedisin, i svangerskapsvikariat frå 7.august 2023 - 10.mars 2024. Stillinga inneber arbeid i sengepost og poliklinikk for barn og unge på dagtid. Heimevakter på kveld/natt/helg.
Kristiansund sjukehus er eit av fire sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Avdeling for barnemedisin og habilitering omfattar barne- og ungdomsavdelingane og barnehabiliteringstjenesta i føretaket. Ved Kristiansund sjukehus er det sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom i alderen 0-18 år. Ein av barnelegane arbeider også i barnehabiliteringstjenesta.
Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus vil bli slått saman til eit nytt fellessjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) med planlagt innflytting i 2025. Det nye akuttsjukehuset vert plassert på Hjelset i Molde kommune. Her vert det no planlagt for sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom. Felles fødeavdeling med ca 900 fødslar pr.år. Ein del av SNR vil bli nytt Distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Her vert det planlagt tilbod til barn og ungdom med poliklinikk og dagbehandling.
Høyrest dette fristande ut? Ta kontakt – og velkomen som søkjar! Vi kan hjelpe med bolig i ei overgangsfase, og også med kontakt med barnehage/skule.
Du vil vere omgitt av flott natur med mange turmål til fjells og langs kysten. Vi kan og friste med eit rikt kulturliv! Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket
for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår
av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din
individuelle utdanningsplan.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar,
og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling
som Lege i spesialisering.