Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Kvinnherad kommune har vel 13.100 innbyggjarar. Kommunen ligg mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter. Husnes er største tettstaden, har to barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjergard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.

Kommunen har i mange år hatt ei god og stabil legedekning. For tida har vi 18 fastlegar i kurativ teneste, både med private avtaleheimlar og tilsett i kommunen med fastløn og % andel av pasientinntekter. I tillegg har kommunen ein stilling for LIS1, 3 sjukeheimslegar i totalt 210% stilling og kommuneoverlege i 100 % stilling. Offentlege oppgåver ved helsestasjonar og i eldreomsorga ellers er fordelt slik at 6 av legane har 8 - 20 % stilling til offentleg allmennlegeteneste.

Kvinnherad kommune er registrert utdanningsvirksomhet i allmennmedisin. Ved å tiltre i stillingen vil man kunne tegne ALIS-avtale med kommunen. 

Kvinnherad er ein vidstrakt kommune. Legane er fordelt på fire legekontor. Det er eit godt fagleg og kollegialt fellesskap i legegruppa, god vegleiing og bakvaktordning i forhold til legevakt, godt samarbeid og samtrening med lokal ambulanseteneste. Vaktordninga er for tida 12-delt. Kvinnherad legevakt er bemanna med sjukepleiar på kveldstid og helgedagar. Kvinnherad legevakt ligg vegg i vegg med ambulansestasjon.

Kommunen har etablert ein Frisklivsentralen og har tilsett folkehelsekoordinator.
 
Ledig fastlegeheimel ved Husnes helsesenter
Me søkjer etter lege med spesialisering eller ALIS til 100% fast stilling til ledig heimel for snarleg tiltreding. Me ser at i framtid skal me ha fleire ledige vikariata og i samband med dette ynskjer me å etablera ein fastlønt fastlegestilling som i første omgang skal hjelpa oss å dekkja vikarbehov og på sikt skal få eiga pasientliste.

Ved Husnes helsesenter arbeider i dag 8 fastlegar i eit kontorfellesskap med til saman eit listetak på 6 500, innbyggjartal i området er om lag tilsvarande. Organiseringa er eit felles AS for drift og investering.

Me har fleksible arbeidsvilkår og tilbyr fast lønn og fast arbeidstid, nødvendig tilrettelegging for deltaking i vidareutdanning og rettleiingsgruppe. Kommunen legg opp til eit tilpassa listetak. Gradert stilling er også mogleg, dersom dette er ynskjeleg. Kommunen ynskjer med dette å leggja til rette for ein enklare start som allmennlege. Samtidig er kommunen også open for tilsetjing som sjølvstendig næringsdrivande.

Stillinga inneber deltaking i legevaktordning. Vaktordninga er for tida 12-delt. Kvinnherad legevakt er bemanna med sjukepleiar på kveldstid og helgedagar. Kvinnherad legevakt ligg vegg i vegg med ambulansestasjonen.
 
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Fullført norsk turnustjeneste/LIS 1 eller tilsvarende erfaring
  • Beherskar norsk språk godt skriftleg og muntleg
  • For søkjer med anna utdanning enn norsk, krevjast dokumenterte språkkunnskapar tilsvarande B2. Dette gjelder ikkje skandinaviske søkarar.
  • Oppfyller kravene for å søke refusjonsrett overfor Helfo
  • Det vert lagt vekt på personleg egnethet.
  • Det må leggas fram politiattest ved tilsetjing.
Vi søker lege som i tillegg til ovenståande kvalifikasjonar
  • Har interesse for allmennmedisin
  • Er fagleg dyktig, positiv og serviceinnstilt
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig
  • Har evne og interesse for samhandling og tverrfagleg samarbeid
Arbeidsoppgåver
  • Utøvende legetjenester som fastlege i følgje lovverk
  • Deltaking i kommunal legevakt etter gjeldande avtalar
  • Kollegial fråværsdekning
  • Det er ikkje tilplikta offentlege oppgåver til stillinga, men det kan verta aktuelt på eit seinare tidspunkt
Fastlegar i Kvinnherad nyttar Infodoc Plenario journalsystem, er knytt til Norsk Helsenett og har elektronisk meldingsutveksling med pleie- og omsorgstenesta.
 
Me tilbyr
  • ALIS-avtale og tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin
  • Rettleiing og supervisjon, kommunen er godkjent utdanningsinstitusjon.
  • Eit svært godt arbeidsmiljø og fagmiljø med dyktige, dedikerte, hyggelige kollegaer
  • Tett samarbeid i liten kommune
  • Allsidig praksis med faglege utfordringar
  • Velutstyrt legesenter
  • Konkurransedyktig fastløn (heile stillinga)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
 
Søkjar bør ha sertifikat.
 
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Kvinnherad kommune hjelper til med å skaffa bustad, og flytting vert betalt etter gjeldande reglar.
 
Nærare opplysningar om stillinga, økonomiske vilkår m.m. kan ein få hos:
Dagleg leiar ved Husnes helsesenter Sindre Nymark Jensen tlf. 53 46 16 00
sindre.nymark.jensen@kvinnherad.kommune.no
 
Kommuneoverlege Glenn A. Opland tlf. 977 09 308
glenn.opland@kvinnherad.kommune.no
 
Einingsleiar Irina Zimina tlf. 488 94 055
irina.zimina@kvinnherad.kommune.no
 
 
Søknadsfrist: 23.05.2023

Bruk elektronisk søknadsskjema, det finn du under ledige stillingar på Kvinnherad kommune si heimeside: www.kvinnherad.kommune.no
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune
Kontaktpersoner
Navn: Sindre Nymark Jensen
Tittel: Daglig leiar ved Husnes helsesenter
Telefon: 53 46 16 00
E-post: sindre.nymark.jensen@kvinnherad.kommune.no
Navn: Glenn A. Opland
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 977 09 308
E-post: glenn.opland@kvinnherad.kommune.no
Navn: Irina Zimina
Tittel: Einingsleier
Telefon: 488 94 055
E-post: irina.zimina@kvinnherad.kommune.no
Arbeidssted
Rosendalsvegen 10
5470 ROSENDAL