Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering gir tilbod til pasientar innanfor kreftbehandling, rehabilitering og revmatologi for heile Møre og Romsdal, i tillegg til hud og kliniske støttefunksjonar på Sunnmøre.
Klinikken inneheld elleve seksjonar, og har ca. 500 ansatte. I staben til klinikksjef er det to rådgjevarar.
Vil du leia klinikken og vera med på å utvikle helsevesenet i framtida?
Klinikksjef utgjer saman med administrerande direktør, dei andre klinikksjefane og stabsdirektørane leiargruppa i Helse Møre og Romsdal. Leiargruppa har eit heilskapleg ansvar for helseføretaket sine mål, rammar og verdigrunnlag, og klinikksjef vil både leie eigen klinikk og samstundes vere aktivt deltakande i å utvikla heile Helse Møre og Romsdal HF.
Det norske helsevesenet står overfor store utfordringar, særleg når det gjeld mangel på bemanning og økonomi. Vi står overfor fleire uunngåelege og krevjande endringar, som krev leiarar med strategisk og operativ endringskompetanse og gjennomføringsevne.
Klinikksjef er leiar for seksjonsleiarar i klinikken. Klinikksjefen skal arbeide for at både klinikken og helseføretaket driv berekraftig og når dei strategiske og økonomiske mål.
Vi ser etter ein ambassadør for helseføretakets kjerneverdiar; tryggleik, kvalitet og respekt.
Du er ein ansvarsfull, fagleg robust og innovativ leiar som ønskjer å videreutvikle eit solid og etterspurt tilbod innan kreftbehandling og rehabilitering. Du ser gjerne moglegheiter der andre ser utfordringar. Du evner å sjå heile føretaket, og ta avgjerder ut frå dette perspektivet.
Du brenn for å vidareutvikle eit sunt og trygt arbeidsmiljø i samarbeid med medarbeidarar, tillitsvalde og verneombod. Du er raus og løysingsorientert, men evnar og er villig til å ta vanskelige avgjerder i samansette problemstillingar - og stå i desse. Du evnar å tenkja og jobba strategisk for at klinikken og helseføretaket kan møta morgondagens krav, rammar og forventingar til helsevesenet.
Tiltreding etter nærare avtale.
Andre opplysningar:
Arbeidsstad er i utgangspunkt Ålesund, men du må pårekna noko reising mellom anna til sjukehusa og institusjonane i regionen.
Stillinga er ei leiande og særlig uavhengig stilling som fordrar stor grad av fleksibilitet og sjølvstende.
Vi bur i ein vakker del av Noreg, og vil du lese meir om regionen vår, sjå Visit Sunnmøre og Visit Møre og Romsdal