Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Du finn Volda midt i det beste som Noreg kan by på av fjord og fjell. Her kan du oppsøke dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi tilbyr også eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda. Det er gode kommunikasjonar med fleire daglege flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her: https://youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY og her https://www.youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY 

For Lege i spesialisering (LIS2) har vi ledig vikariat frå 01.09.2023 - 29.02.2024. Det kan avtalast tidlegare oppstart.

Medisinske legar er organisert i Klinikk Volda, og vi har 10 stillingar for overlege, 10 stillingar for LIS2/3 og 8 stillingar for LIS1.

Vi er ein indremedisinsk seksjon med akuttfunksjonar, og med spesialistfunksjonar innan gastroenterologi, kardiologi, endokrinologi, hematologi, geriatri og lungemedisin. Dette er eit godt fungerande kollegium av spesialistar og legar i spesialisering.

Opptaksområdet er Søre Sunnmøre med omlag 50 000 innbyggjarar.

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og evt annan relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for pasientar på medisinsk sengepost, poliklinikk og medisinske overvakingssenger på felles intensivavdeling
  • Mottak og vurdering av pasientar i akuttmottak
  • Delta i etablerte vaktordningar

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå indremedisinsk arbeid
  • Gode faglege kvalifikasjonar, engasjement og arbeidsglede
  • Godkjent LIS1

Personlege eigenskapar

  • Den som vert tilsett må meistre norsk språk skriftleg og munnleg
  • Evne og vilje til å arbeide tverrfagleg
  • Gode samarbeidsevner og personlege eigenskapar vert vektlagde

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Miriam Wiksnes
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70058200
E-post: Miriam.Wiksnes@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1
6100 Volda