Kort om arbeidsgiver
Fastlegeheimel med 8.2-avtale i Samnanger kommune
Samnanger kommune søker etter ny fastlege ved Samnanger legekontor, 40 minuttar køfri køyring frå Bergen. Heimelen har ei listelengde på 825 pasienter og 3 kontordagar per veke. Alle legane har 8.2-avtale med kommunen og ingen utgiftar. Til heimelen høyrer også ei 20 % stilling som sjukeheimslege ved Samnangerheimen, 100 meter frå Samnanger legekontor.
Fastlege:
Samnanger kommune søker etter ny fastlege ved Samnanger legekontor, 40 minuttar køfri køyring frå Bergen. Heimelen har ei listelengde på 825 pasienter og 3 kontordagar per veke. Alle legane har 8.2-avtale med kommunen og ingen utgiftar. Til heimelen høyrer også ei 20 % stilling som sjukeheimslege ved Samnangerheimen, 100 meter frå Samnanger legekontor.
Legepraksisen ved Samnanger legekontor er veldriven og innarbeida i eit triveleg helsesenter. Legekontoret er samlokalisert med fysioterapeut, ergoterapeut, kommunepsykolog, helsestasjon og jordmor. På legekontoret er det totalt 4 fastlegar og 3 erfarne helsepersonell, der èin er sjukepleiar og to er helsesekretærar. Legkontoret har eit velutstyrt laboratorium med EKG, spirometri, 24 timars BT-apparat og doppler. Ein nyttar journalsystemet Infodoc Plenario.
Legevakt:
Samnanger kommune har interkommunalt vaktsamarbeid med Bjørnafjorden kommune på kveld/natt og i helg. Legevaktstasjonen er lokalisert i moderne lokale på Moberg, Os, og vert fordelt mellom legane i Samnanger og Os. Det er per i dag lav vaktbelastning, med høve til fleire vakter om ein ønsker.
Legevakt på dagtid, kvardagar klokka 08.00–16.00, vert delt mellom dei 4 legane ved Samnanger legekontor. Dagvakt vert lønna med god timesats i tillegg til næringsinntekt. Samnanger kommune har ein 24-7-bemanna First Responder-bil som bistår legen ved utrykking på dagtid.
Arbeidsoppgåver:
- Allmennlegeoppgåver i samsvar med fastlegeforskrifta.
- Heimelen har ei listelengde på 825 pasientar.
- Legen arbeider med næringsinntekt, samt timelønn ved dagvakt.
- Dagvakt på legekontoret ordinære kvardagar klokka 08.00–16-00 blir fordelt mellom dei 4 legane.
- I utgangspunktet 3 kurative dagar per veke som fastlege.
- Til heimelen følgjer 20 % stilling som sjukeheimslege ved Samnangerheimen.
Kommunen kan tilby:
- Fastlegane har per i dag 8.2-avtale og kommunen står for den totale drifta av legekontoret. Legen vil ikkje ha utgifter til drifta av kontoret.
- Legane beheld næringsinntekta uavkorta. Kommunen beheld basistilskotet.
- Praksiskompensasjon for kommunal bistilling (jf. Særavtalen SFS 2305).
- God timelønn for dagvakt.
- Moglegheit for heimekontor.
- Til heimelen høyrer ei 20 % stilling som sjukeheimslege ved Samnangerheimen. Sjukeheimen ligg 100 meter frå legekontoret.
- Kommunen er registrert utdanningsverksemd og kan inngå ALIS-avtale med søkjar om ønskeleg.
- Tilsette blir meldt inn i KLP, og med offentleg tenestepensjon får dei ein av Noregs beste pensjonsordningar. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon,etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Kvalifikasjonar:
- Lege med norsk autorisasjon. Legen må vera godkjent spesialist i allmennmedisin, eller ha starta / ha ønske om å starta spesialisering i allmennmedisin (jf. Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse- og omsorgstjeneste, § 3).
- Rett til trygderefusjon i Noreg.
- Akuttmedisinsk kompetanse for legevakt.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Førarkort klasse B.
- Godkjend politiattest, jf. helsepersonellova.
- Gode evner til samarbeid med kollegaer og pasientar.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
- Generelle datakunnskapar.
Det vert krevd politiattest ved tilsetting.
Overdraging av fastlegeavtalen:
- Overdragingsbeløp må avtalast mellom fråtredande og overtakande lege. Kommunen er ikkje part i denne avtalen (jf. Rammeavtale ASA 4310, pkt. 5.6).
- Fastlegeheimelen vert per i dag drifta av vikar med vikaravtale t.o.m. 31.08.2023.
Meir informasjon:
For meir informasjon eller ein uformell prat om fastlegeheimelen/stillinga, ta kontakt med kommuneoverlege Edle Margrethe Nøss eller noverande heimelshavar Jakob Ch. J. Norup.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
https://samnanger.easycruit.com/vacancy/3155295/211363?iso=nn