Kort om arbeidsgiver
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Kirurgisk klinikk, Haugesund sjukehus, har ledig 1 års vikariat for LIS II innan generell kirurgisk seksjon, oppstart 01.09.2023.
Anna vikariat kan bli ledig, skriv i søknaden om det er av interesse. Avdelinga er en del av Kirurgisk klinikk og er godkjend som utdanningsavdeling i generell kirurgi, mamma/endokrinkirurgi, gastrokirurgisk og urologi med fagfordypning for gruppe 1 ved HUS.
Arbeidsoppgåver
- LIS II går for tida i 9-delt tilstedevakt med ansvar for bløtdelskirurgi.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege er ein føresetnad.
- Det er ønskjeleg med relevant erfaring frå sjukehus.
- Må kunne kommunisere godt på norsk skriftleg og munnleg
- Krav om gjennomført Lis 1 tjeneste.
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig
- Ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Utdanningsretning
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, årsstudie / grunnfag