Med atterhald om endeleg godkjenning i kommunestyret 27. april 2023, blir det oppretta ny fastlegeheimel i Giske kommune knytt til etablert gruppepraksis på Valderøya. Oppstartsdato blir 01.09.2023 eller etter avtale.
Kommunen søkjer tilskott frå Helsedirektoratet for midlar til ALIS-avtale som vil kompensere utgifter og tapte inntekter knytt til spesialisering for LIS3.
Praksis ved Giske kommunale legesenter, lokalisert på Valderøya. Gruppepraksis i lag med ti andre fastlegar og LIS1. Senteret er velorganisert og har fokus på godt arbeidsmiljø og samarbeid. Det er tilsett dagleg leiar med ansvar for alt administrativt. Stabilt og velfungerande hjelpepersonell. Journalsystemet er Infodoc Plenario.
Legen inngår leigeavtale med eige driftsselskap, Giske kommunale legesenter AS. Det er gode leigevilkår.
Det er ikkje knytt kommunale oppgåver til stillinga.
Arbeid som sjølvstendig næringsdrivande.
Deltaking i 11-delt legevakt kveld og helg ved Giske legevakt. Deltaking i interkommunal nattlegevakt i Ålesund med minimum 5 nattevakter i året.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Kvinnelege legar blir oppfordra til å søkje.