Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) søker etter overlege, spesialist i pediatri i 100% vikariat ved seksjon for gastroenterologi og ernæring. Klinikken aukar aldersgrensa til 18 år frå januar 2023 og ungdomsmedisin er satsingsområde.

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) i Bergen er ein av Noregs største barne- og ungdomsavdelingar. Klinikken har 67 senger, ca. 4400
medisinske innleggingar og 30000 polikliniske konsultasjonar årleg. Klinikken
er organisert i 9 fagseksjonar inklusive barnekirurgi. God pasientbehandling,
opplæring, utdanning og forsking er prioriterte oppgåver ved klinikken. Barne-
og ungdomsklinikken har også ansvar for undersøkingar ved Barnehuset i Bergen
og tilsyn ved fødeavdelinga ved Voss sjukehus.

Gastroseksjonen er ein av dei større seksjonane ved Barne- og ungdomsklinikken, og har knytt til seg 6 overlegar. Det er mykje poliklinisk verksemd, i tillegg til nokre pasientar innlagde ved sengepost. Problemstillingane fattar vidt innan dei fleste felt i barnegastroenterologien. Vi har spiseteam, og team for komplekse tilstandar med somatiske symptom. Vi gjer mellom anna endoskopiar, manometriar, samt pH og impedansemålingar i spiserøyr.

I 2023 flyttar vi inn i nytt Barne- og ungdomssjukehus der vi samlar all utgreiing, behandling og oppfølging av barn- og unge innan somatikk
og psykisk helsevern. I Barne- og ungdomsklinikken blir det også løyst oppgåver
innan forsking, utdanning og opplæring av pasientar og pårørande.

Vi søker etter ein til to overlege med erfaring og kompetanse innan gastroenterologi. Vi treng ein overlege som saman med dei øvrige legane ved seksjonen og heile det tverrfaglege teamet skal bidra til at Barne-
og ungdomsklinikken i Bergen tilbyr barn og unge diagnostikk og behandling av
internasjonal standard. 
Legar i sluttfase av spesialistutdanning kan også søke vikariat.

Arbeidsoppgåver

  • Du vil ha dag-til-dag ansvar for behandling av pasientar, samt langsiktig ansvar for oppfølging av dei
  • Du vil inngå i eit tett tverrfagleg samarbeid som består av andre spesialistar, sjukepleiarar, fysiopterapeutar, bioingeniørar, psykologar, skule og leiketerapi
  • Det føreset deltaking i vakt i henhald til kompetanse og klinikkens behov
  • Du vil vere delaktig i undervisning og rettleiing av legar, studentar og andre personellgrupper

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege, spesialist i pediatri
  • Det blir lagt vekt på klinisk erfaring innan barnegastroenterologi og ernæring
  • Forskarerfaring vil bli vektlagt
  • Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg eller eit anna skandinavisk språk
  • God evne til skriftleg dokumentasjon
  • Søkarar med bakgrunn innan forsking vil bli vektlagt
  • Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel), jf. Lov om helsepersonell §20a

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig
  • Du må ha gode samhandlingsevner og må kunne kommunisere med barn og foreldre på ein god måte
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta på jobb
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og samarbeidspartnarar
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Erling Tjora
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 99588645
E-post: erling.tjora@helse-bergen.no
Navn: Karin Birgitta Tylleskär
Tittel: Klinikkoverlege
Telefon: 55975246
E-post: karin.birgitta.tylleskar@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Barne- og ungdomsklinikken, Helse Bergen
Jonas Lies vei 79
5053 Bergen