Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Har du lyst til å bli spesialist i fordøyelsessjukdommer?

I Molde har vi muligens landets hyggeligaste medisinske avdeling. Arbeidsmiljø og kvalitet heng tett saman. Vi har stort fokus på fagleg utvikling, kompetanseheving og kvalitet i pasientbehandlinga. Sjukehuset vårt er av perfekt størrelse. Lite nok til at alle kjenner alle og kvardagslogistikken er god, men stort nok til at ein ikkje får meir ansvar enn ein kan bere. Vi har internundervisning med høg kvalitet, eit av landets kanskje beste medisinske akutt team leia av LIS2/3 i vakt. Vi har tidleg og systematisk opplæring i vaktrelevante prosedyrer og bruk av ultralyd, veldifferensierte poliklinikkar med høgt fagleg nivå, og fokus på å ha det kjekt på jobb. Vi har eit tett og godt samarbeid med andre seksjonar på huset, fredagskonfekt, is i fryseren, kaffe i koppen, god humor, spreke kollegaer og eit nytt sjukehus Nordmøre og Romsdal som står klart for innflytting våren 2025.

Medisinsk avdeling består av i underkant av 50 legar, hvorav vi har 3 spesialistar i fordøyelsessjukdommer. Ein ytterligare spesialist kjem tilbake frå spesialisering sommaren 2024. 2 av 4 spesialister er i PhD-løp ved sida av klinisk arbeid. Fra juli mangler vi LIS3 i faget, og ønsker oss nye gode hoder med på laget.

Kanskje akkurat deg?  På seksjonen er det i tillegg til ei kva tid 1-2 LIS og 2 LIS1.

Seksjon for fordøyelsessykdommer dekker eigen sengepost, poliklinikk for fordøyelsessjukdommer, inkl. ein betydeleg skopi-aktivitet. I tillegg har vi pasientar som følgast ved dageininga for infusjonsbehandling, vi har pasient- og pårørandeopplæring og ganske stor ERCP-aktivitet. Totalt sett håndterer vi dei aller fleste problemstillingar innan faget. Det er felles regional undervisning to gonger per veke, og stor grad av mester-svenn opplæring og supervisjon i kvardagen. Seksjonen har eit spesielt godt arbeidsmiljø kor latteren sit laust, og kor det skapast gode rom for utviklande og spennande faglege diskusjonar. 

Vil du vere med på laget? Lære indremedisin og fordøyelsessjukdommer i eit miljø kor du har store store moglegheiter for kjekke dagar, fagleg og personlig utvikling? I tillegg er det uendeleg både med kulturtilbud og friluftsmoglegheiter i byen med Norges vakraste utsikt, i verdens beste fylke å leve i.

Vi har 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS2/3 tilstade heile døgnet. Overlege i bakvakt som er heime på natt. 12-delt vaktordning for LIS2-3. Det er sett av tid i plan til rettleiing og fordjupning. 

Oppstartsdato etter nærmere avtale med aktuelle søkere. 

Vi ber om at tjenestebevis vert lagt inn saman med søknad og cv.

Arbeidsoppgåver

  • Gjeldande vaktordning.
  • Her får du mykje ansvar og moglegheit for fagleg utvikling, i trygge rammer.
  • Du vil få god opplæring i akuttprosedyrer og i bruk av ultralyd.
  • Arbeid som LIS ved sengepost og poliklinikk.
  • Tidleg skopiopplæring under kyndig supervisjon og rettleiing.
  • Du vil få moglegheit til å rettleiie og supervisere LIS1.
  • Med bakgrunn i eigne interessefelt tilrettelegg vi så godt som mogeleg for personleg fagleg utvikling.
  • Det er gode moglegheiter for å drive innovativt medisinsk arbeid hos oss. 

Kvalifikasjonar

  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Mestre norsk språk - skriftlig og muntleg tilfredsstillande
  • Erfaring frå relevant stilling blir vektlagt
  • Utdanningsretning innan indremedisin fra før er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du jobber godt åleine og i team
  • Du er strukturert og fleksibel
  • Du deltek aktivt i arbeidet med å ha eit godt arbeidsmiljø
  • Du er svolten på ny kunnskap og erfaring
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Ei glitrande moglegheit til å bli ein god indremedisinar og spesialist i fordøyelsessykdommer.
  • Spesielt godt arbeidsmiljø og ein trivelig arbeidshverdag med stort faglig fokus.
  • Ein inkluderande arbeidsplass.
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Ida Camilla Monn Birkhaug
Tittel: Seksjonsleiar (lege)
E-post: Ida.Camilla.Monn.Birkhaug@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus
6412 MOLDE