Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Har du lyst å vere prøve ut fastlegeyrket i trygge rammer med spanande og utviklande oppgåver?

Trivs du med akuttmedisin og ein travel kvardag? Ønskjer du å bruke tida di på legearbeid og at andre utfører dei administrative oppgåvene?

Då treng me deg som vår nye vikarlege ved Ål legekontor.

Vi har ledig vikariat i inntil 1 år med høve til forlenging. Det kan bli lagt til rette for eit spesialiseringsløp i allmennmedisin.

Me kan tilby eit solid fagmiljø ved Ål Legekontor, som er samlokalisert med Hallingdal sjukestugu, prehospitale tenester med luftambulanse og Ål helsesenter. Det er nye lokalar som er godt tilrettelagt for legepraksis, med eige laboratorie-/undersøkingsrom. Kontoret er velutstyrt med bla digitalt røntgen, ultralyd og legevaktsbil med akuttmedisinsk utstyr. Det er eigne lokalar for legevakt, og det er turnus mellom fastlegane om vakt på daglegevakt.

Legane ved Ål Legekontor har ei gunstig fastlegeavtale der legane leiger kontor, personell og utstyr frå kommunane. Legekontoret har for tida sjukepleiarar i alle medarbeidarstillingar. Legane i Ål kommune driv felles praksis i eit samla kommunalt legekontor med 7 legar pluss LIS 1 lege. Det er etter nærare avtale mogeleg å knytte heimelen både til fast løn og til privat praksis.

Det etablert utdanningsstilling for allmennlegar i Hallingdal i samarbeid med Hallingdal sjukestugu. Ål kommune er registrert som utdanningsverksemd, har rettleiar for LIS 2 og 3 i legekollegiet, og vil legge til rette for oppfølging av utdanningsplan i spesialistutdanning til spesialist i allmennmedisin.

Det er i dag legevaktsamarbeid med nabokommunen Hol, og felles nattlegevakt for Hallingdal med base på Ål, og med Ål som driftsansvarleg kommune.

På vanleg måte kan fastlegane tilpliktast inntil 20% offentleg legearbeid. Fordeling på dei ulike oppgåvene skjer i samarbeid mellom legane og kommunen.

Kvalifikasjonar
  • lege med norsk autorisasjon
  • spesialist i allmennmedisin, eventuelt under spesialistutdanning
  • god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
  • det er ynskjelig med sjølvstendig vaktkompetanse
Personlege eigenskapar
  • gode samarbeidsevner med kollegaer og medarbeidarar
  • gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og samarbeidspartar
  • personleg eigna som fastlege og som kollega
  • det blir lagt vekt på fagleg dyktigheit, evne til å ta sjølvstendig ansvar og vilje til fleksibilitet
  • interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid og vilje til tverrfagleg samarbeid
Søkjar må slutte seg til interne arbeidsavtaler ved kontoret på lik linje med dei andre legane.

Politiattest
I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.

Me tilbyr
  • triveleg arbeidsmiljø med motiverte og kompetente medarbeidarar
  • moderne og godt utstyrt lokaler
  • tilrettelegging for spesialiseringsløp i allmennmedisin
  • alisavtale og regional rettleiingsgruppe
  • godt tverrfagleg samarbeid i kommunen og i regionen
  • full barnehagedekning i kommunen
  • hjelp til å skaffe bustad
Ål er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!

Her er bu- og levekostnadene rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengane på å realisere draumane dine; anten det er å vere meir ute, reise eller skape noko sjølv. I Ål ønskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert. Meir informasjon finn du her.

Send søknad
Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken "Ledige stillingar".
Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.

Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.

Ta gjerne kontakt med oss.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Ål kommune
Kontaktperson
Navn: Anne Ingeborg Hefte
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 95529755
E-post: anne.hefte@aal.kommune.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Helsetunvegen 17
3570 ÅL