Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Avdeling for rusmedisin, Haukeland universitetssjukehus utlyser ein 100% forskarstilling over en åremålsperiode på 3 år. Halvparten av stillinga er knytta opp mot eit forskingsprosjekt for heroin-assistert behandling (HAB-prosjektet), medan den andre halvparten er knytta opp mot ATLAS4LAR og ATLAS4Dependence. Studiane er intervensjonsstudiar med mål om å betre helsa hos personar med rusavhengigheit. Forskinga er integrert tett opp til klinisk behandling ved LAR-poliklinikkar.

Les meir om prosjektene via våre nettsider www.helse-bergen.no/bar

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet vil innebere både analysar, artikkelskriving og prosjektoppfølging i samarbeid med forskingsgruppa. Du kan forvente å leie an på fleire vitskaplege artiklar

Kvalifikasjonar

  • Ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse og relevant utdanning knytta mot helse
  • Erfaring frå relevante forskingsprosjekt eller tematikk, samt fortrinnsvis kvantitativ forskingsmetodikk/kliniske studiar
  • Erfaring med brukargruppa med rusmiddelavhengigheit eller LAR-behandling vil vurderast positivt
  • Beherske godt norsk og engelsk, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst
  • Strukturert
  • Sjølvstendig
  • Nøyaktig
  • Gode kommunikasjonsevner

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Lønn i prosjektfinansiering og helseføretakets satsar
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som støtter og oppmuntrar kvarandre

 

Søknaden skal innehalde

  • Ein kort oppsummering av relevant kompetanse, erfaring og motivasjon for å søke stillinga 
  • CV 
  • Kontaktopplysningar til to personar som kan vere referanse 
  • Liste over relevante vitskapleg arbeid (publikasjonsliste)

Vi gjer merksam på at søknadar blir vurdert med den informasjonen og dei vedlegga som er knytta til søknaden i Webcruiter når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller norsk, og eventuelle omsettingar må vere attesterte. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Forsker
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF
Kontaktpersoner
Navn: Lars Thore Fadnes
Tittel: Forskingsgruppeleiar
Telefon: 97704360
E-post: lars.thore.fadnes@helse-bergen.no
Navn: Arild Opheim
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 91314247
E-post: arild.opheim@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Avdeling for rusmedisin/ AFR Forsking, Helse Bergen
Østre Murallmenningen 7
5012 Bergen