Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune har ledig 100% vikariat som kommuneoverlege (spesialist- eller utdanningsstilling i samfunnsmedisin) frå 01.09.2023 - 31.08.2024, anna stillingsstorleik kan drøftast. Kommunen har søkt om registrering som utdanningsverksemd innan samfunnsmedisin.Stillinga er del av eit kommuneoverlegeteam («kommuneoverlegane»), som utøvar lokal helsemyndigheit innan smittevern, miljøretta helsevern, helseberedskap og psykisk helsevern. Kommuneoverlegane er òg medisinskfaglege rådgjevarar til
kommuneleiinga og kommunale einingar blant anna innan planarbeid, folkehelsearbeid og kvalitetsforbetringsarbeid. 


Kommuneoverlegane har eit grupperetta og førebyggande perspektiv, og jobbar for ein trygg og helsefremmande kommune som motverker sosiale helseforskjeller. 
Kommuneoverlegane er organisasjonsmessig plassert under 
kommunalsjef for Helse og velferd.

Arbeidsoppgåver:  
Kommuneoverlegen driv med rådgjeving, sakshandsaming, informasjon og kommunikasjon innanfor samfunnsmedisinske oppgåver. Kommuneoverlegens oppgåver er mange,men tre hovudområde: 
  • medisinskfaglig rådgiving for heile kommunen 
  • smittevern og helseberedskap 
  • miljøretta helsevern 
 I tillegg arbeider kommuneoverlegen blant anna med: 
  • folkehelse og planarbeid 
  • godkjenning av verksemder 
  • kvalitetsutvikling og samarbeid 
  • helsetenesteplanlegging 
  • medisinskfagleg oppfølging av helsetilbodet i kommunen 
  • vedtak om tvungen legeundersøking etter lov om psykisk helsevern 
 Kvalifikasjonar:
  • Norsk autorisasjon som lege  
  • Fullført eller under spesialistutdanning i samfunnsmedisin. 
    Er du ikkje spesialist eller under spesialisering (SALIS) i samfunnmedisin, plikter du å delta i samfunnsmedisinske fagoppdateringer og nettverk.
    Noko arbeid utover ordinær arbeidstid må påreknas i spesielle beredskapssituasjonar.  Personlege eigenskapar vil bli lagt stor vekt på.
  Vi søkjer deg som:  
  • brenn for samfunnsmedisin og kan jobbe i team 
  • har stort samfunnsansvar og tenkjer fellesskap 
  • evner å skape engasjement og gode relasjonar 
  • er utåtvend og har gode samarbeidsevner  
  • er strukturert og har gjennomføringsevne 
  • har initiativ og pågangsmot  
  • er løysingsorientert og tydeleg 
  • har gode kommunikasjonsevner
 Vi tilbyr: 
  • Ein variasjon av samfunnsmedisinske utfordringar 
  • Eit spennande fagleg miljø med viktige strategiske oppgåver
  • Sentral plassering i Rådhuset 
  • Løn etter sentrale avtaler og kommunen sin lokale lønspolitikk 
  • Permisjon med løn for obligatoriske kurs og rettleiing i samfunnsmedisin
  • Fleksitidsordning 
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
 
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Kontaktpersoner
Navn: Mike Görtz
Tittel: Fungerande einingsleiar
Telefon: +47 477 82 162
Navn: Torgeir Sæter
Tittel: Kommunalsjef
Telefon: +47 916 04 577
Navn: Klaus Melf
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: +47 489 50 032
Arbeidssted
Torggata
5209 OS