Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Vi har ledig 100 % mellombels stilling for lege i spesialisering (LIS) i eitt år ved Poliklinikk psykisk helse DPS Volda. Oppstart 01.09.2023 eller etter avtale.

Stillinga kan telje som del av spesialistutdanninga. Om rett kandidat har ønskje om vidare utdanning i vaksenpsykiatri så kan det verte høve til ev. fast stilling. Kandidatar som har behov for sideutdanning, er også
velkomne til å søkje.  Vi i kan tilby variert og innhaldrik teneste for engasjert og interessert lege. 

Poliklinikk psykisk helse DPS Volda er ein av tre seksjonar ved DPS Volda og har Søre Sunnmøre som
opptaksområde.

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane
som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske
toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskulemiljø. Det
er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn.

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon, må leggast
ved søknad på stilling som lege i spesialisering.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling
  • Arbeid i team, men mykje sjølvstendig arbeid 

Kvalifikasjonar

  • Må ha norsk autorisasjon
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Erfaring frå psykisk helsevern er ein fordel
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • God arbeidskapasitet
  • Evne til samarbeid og bidra i team

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Godt arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Hallgrim Myklebust
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70 05 85 60
E-post: Hallgrim.Myklebust@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk psykisk helse DPS Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1
6100 Volda