Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Kort om arbeidsplassen:
Osterøy kommune ligg på Osterøy som er ei av Nord-Europas største innlandsøyer. Kommunen har  levande lokalsamfunn, allsidig næringsliv og vakker natur. Vi har ca 8100 innbyggjarar og både bru og ferjesamband til Bergen kommune.  

Osterøy kommune har to legekontor med til saman 6 fastlegar og 1 LIS-1 lege. Kommuneoverlegen på Osterøy har delt stilling, 40 % som kommuneoverlege og 60 % som sjukeheimslege ved Osterøytunet.

Se video om kommunen HER

Kort om stillinga:
Vi har ledig eit vikariat som fastlege ved Valestrand legekontor. Legekontoret ligg fint til ved sjøen like ved ferjeleiet på Valestrand som er den største tettstaden på Osterøy. Med bil frå Bergen sentrum brukar du ca 40 minutt – og køen går motsett veg både til og frå jobb!

Valestrand legekontor har 3 fastlegeheimlar og er organisert som eit DA. Pasientlista for vikariatet er 1286. Kommunen har kommunal daglegevakt, og fastlegane har daglegevakt på kontoret sitt ein dag i veka. På ettermiddag og kveld er kommunen med i interkommunal legevakt som ligg i Knarvik.  Journalsystemet er Infodoc.
Vikariatet er ledig frå dags dato og det er ønskeleg med langtidsvikariat

 Vi tilbyr:
  • Velutstyrt og veldreve legekontor med dyktige og erfarne kollegaer og flinke helsesekretærar
  • Ingen forpliktelsar ifht. drift av legekontoret. Driftstilskotet til lista tilfell legekontoret, og du beheld all inntening 
  • Gratis bustad
  • Regelmessige møter med dei andre fastlegane
  • Samarbeidsutval med kommuneoverlege og kommuneleiing
  • Korte tenestelinjer i den kommunale helse- og omsorgstenesta
Vi ønsker:
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og at du er løysningsorientert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
  • Gode norskkunnskapar som om nødvendig kan dokumenterast ved gjennomført språktest C1
  • Spesialist i allmennmedisin eller under utdanning til slik spesialisering
  • Norsk autorisasjon med rett til trygderefusjon
  • Legar utan LIS 1 med erfaring frå allmennpraksis eller legevakt kan søke
  • Gyldig førarkort
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Kontaktpersoner
Navn: Anita Sørtveit
Telefon: 97000226
Navn: Kristin Ruud Myking
Telefon: 99010087
Arbeidssted
Geitaryggen 8
5282 LONEVÅG