Kort om arbeidsgiver
Vik kommune haromlag 2600 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod. Tenestemålet er nynorsk.
Vik kommune er ein stor arbeidsplass med om lag 320 tilsette fordelt på ca 260 årsverk og eit brutto driftsbudsjett på220 mill.kr.
Me har ledig
Ønskjer du å jobbe som fastlege i ei bygd med fantastiske moglegheiter for friluftsliv på fjell eller fjord?
Søk då på ein av våre ledige stillingar ved Vik legekontor! Vi har no ledig to 100% fastlegestillingar, ein fast stilling etter ein lege som går av med pensjon og eit vikariat.
Begge stillingane er ledig frå juni 2023.
Vik legekontor er kommunalt drifta, godt utstyrt og bemanna med erfarne og stabile legar og helsepersonell.
Legekontoret har p.t. 5 fastlegar og ein LIS1-stilling. Vik kommune er godkjend som utdanningsverksemd for spesialisering i allmennmedisin, og tilbyr rettleiing og supervisjon på legekontoret.
Om stillingane
" Stilling 1 er for tida ikkje tildelt andre offentlege allmennlegeoppgåver i kommunen, men dette kan bli aktuelt (jf. Forskrift om fastlegeordning i kommunane). Det er i utgangspunktet ikkje definert listelengde for stillinga, det blir vi einige om ved tilsetjing.
" Stilling 2 (vikariat) er delt med 80 % som fastlege og 20 % som tilsynslege ved Vik Bygde- og sjukeheim. Listetak er på 600 pasientar.
Arbeidsoppgåver
- Allmennpraksis
- Deltaking i legevakt
- Offentlege allmennlegeoppgåver etter avtale
- Kollegialt fråværsdekning innad på legekontoret i ferie og anna fråvær
Kvalifikasjonskrav
- Norsk autorisasjon som lege.
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
Ved tilsetjing vil ein legge vekt på personlege eigenskapar og samarbeidsevne.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- Fastløn eller løn etter avtale
- Tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin
- Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Fridagar som kompensasjon for vaktordning.
- Godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt.
Andre opplysningar
Søkjaren må ha førarkort for bil.
Kommunen vil hjelpe til med å skaffe bustad.
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.