Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Vi søkjer etter kommuneoverlegar som vil vere med på å vidareutvikle legetenesta i Herøy kommune i samsvar med legeplanen. Vi ønskjer kommuneoverlege helst i 80-100 % stilling, og assisterande kommuneoverlege i 20 - 40 % stilling. 

Vi ønskjer at kommuneoverlegen skal vere leiar for legetenesta, som omfattar forvaltnings-, fag-, budsjett- og personalansvar.  Som leiar for legetenesta vil du vere ein del av kommunalsjefen si leiargruppe.
Dersom du ikkje ønskjer leiaransvaret, men berre kommuneoverlegefunksjonen, vil vi legge til rette for det. Du vil då kunne kombinere stillinga med t.d. sjukeheimslegestilling eller fastlegeheimel.

Plan for legetenesta vart vedteken juni -21. Implementeringa av handlingsprogrammet i legeplanen vert i hovedsak gjort gjennom prosjektet "Ei samordna legetjeneste". Rekruttering av nye legar, utvikle gode og attraktive arbeidsvilkår for nye og etablerte legar, målretta satsing på strukturert vidare- og etterutdanning for legar og hjelpepersonell i legetenesta, utvikle felles møteplasser og gode samhandlingsrutinar for legetenesta og helse- og omsorgstenesta elles, er sentrale element i dette prosjektet.
Viktige oppgåver for kommuneoverlegen vert også å vidareutvikle det samfunnsmedisinske arbeidet innanfor område som folkehelse, smittevern, miljøretta helsevern, helsemessig beredskap, og leggje til rette for at medisinsk kunnskap og kompetanse vert lettare tilgjengeleg særskilt på områda barnevern og psykisk helse og rus.
Plan for legetenesta, finn du her: https://www.heroy.kommune.no/_f/p36/ib50c52c9-55f7-44ef-b5a6-be91c27db86a/legeplan-retta-versjon.pdf
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Herøy kommune Møre og Romsdal
Legetenester
Kontaktperson
Navn: Runa Bakke
Tittel: Kommunalsjef helse og omsorg
Telefon: 91621147
E-post: runa.bakke@heroy.kommune.no
Arbeidssted
Eggesbøvegen 11
6092 FOSNAVÅG
Søk på stillingen