Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Er du vår nye kollega i Akutt ambulant team?

Vi søkjer etter ein motivert barne- og ungdomspsykiater ved poliklinikken i Ålesund.

Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av Poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. BUP Ålesund er samlokalisert med akutt sengepost og har eit breitt samansett og innovativt fagmiljø som gir spesialiserte behandlingstilbod til barn og unge og familiane deira. M.a. gir vi spesialisert behandling for OCD og angst etter 4-dagersmodellen. Vi har tilegnet oss og tilbyr høgt spesialisert behandlingskompetanse i forhold til lidingar som spiseforstyrrelser (FBT), psykose bl.a. i form av PEF, vi gir behandling for traumer med bl.a. TF-CBT og EMDR. Vidare har vi eit aktivt gruppebehandlingsmiljø og bidreg i stor grad til utvikling av mentaliseringsbaserte gruppebehandlingsformer for ungdommar i fylket og i landet forøvrig.  

Vi legg vekt på tett samarbeid med førstelinjetjenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver for desse  er ei forventa arbeidsoppgåve.

Som overlege vil du ha fast arbeidsstad og teamtilknytning til poliklinikken, men vi arbeider for eit sterkt felles familjø i avdelinga og i periodar må ein kunne rekne med arbeidsoppgåver knytt til sengepost. Legespesialistar i Ålesund servar bakvaktsornding knytt til akutt sengepost, og det medfører at deltaking i vakt er ei forventa arbeidsoppgåve (Akutt sengepost er ansvarleg for ø-hjelptilbodet i heile fylket. Vi har 10 sengeplassar, 8 av disse er akuttplassar og 2 plassar er for intermediære og utgreiingsopphald. Sengeposten er godkjent for mottak av pasientar til tvungen psykisk helsevern.

Arbeidsoppgåver

Gjennomføre vurderingar og tiltak i tilknytning til ulike akuttpsykiatriske problemstillingar, t.d. suicidalitetsvurderingar samt vurderingar av andre tilstandar som fell under Psykisk helsevern si prioriterte målgruppe.
Ambulant oppfølging må påreknast.
Stillinga er knytt til eit akutt ambulant team, det inneber at målgruppa hovudsakeleg vil vere barn og ungdom over 7 år.
Det er mogleg å kombinere stillinga med arbeid i andre team.
Deltaking i bakvaktsordning knytt til ungdomspsykiatrisk sengepost.
Deltaking i opplæring og vegleiing til anna helsepersonell (t.d. vegleiing/supervisjon til LIS).

Kvalifikasjonar

Spesialist i barne- og ungdomspsykiatri
Inneha rik erfaring, med oppdatert kompetanse, frå arbeid i spesialisthelsetjenesta (barn/unge ,alternativt frå arbeid med vaksne innan psykisk helsevern)

Personlege eigenskapar

Vi er ute etter ein positiv, fleksibel og ansvarsbevisst kollega.
Søkjar må ha gode evner og vilje til samarbeid samt evne til å kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag.
Tilsette blir kontinuerleg involvert i fag- og organisasjonsutvikling og det blir forventa aktiv deltaking og sjølvstendig  initiativ i denne utviklingsprosessen.
Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag.
Søkjar vil bli del av eit tverrfagleg team og personlege eigenskapar, derav evne til samhandling, vil bli sterkt vektlagt. 


Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Inger Ann Berge
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70167200
E-post: inger.ann.berge@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk BUP Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Geilebergvegen 20
6017 Ålesund
Søk på stillingen