Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Øystre Slidre kommune har om lag 3 200 innbyggjarar og  er ei turistkommune der innbyggartalet blir mangedobla i helger og i høgsesong. Kommunen har eitt legekontor, lokalisert til Heggenes. Ved legekontoret er det til saman fire fastlegeheimlar; to legar med driftsavtale og to fastlønna legestillingar. I tillegg er det for tida ei LIS1-stilling, samt stabile og dyktige sjukepleiarar og helsesekretærar. Legekontoret har kollegial fråversdekking. Kommunen tok i bruk nytt omsorgstun i 2021, lokalisert ved legesenteret på Heggenes, og planlegg no for eit nytt helsesenter med samlokalisering av legekontor, helsestasjon og psykisk helseteneste. 

Kommunen har no behov for to nye legar: ein ledig fastlegeheimel (driftsavtale) frå 1. desember 2023, i tillegg til ei ledig nyoppretta legestilling (med fast, kommunal tilsetjing). 

Kommuneoverlegefunksjonen i Øystre Slidre kommune blir ledig frå 1. desember 2023. Denne funksjonen skal i utgangspunktet tilhøyre ein av legane ved legekontoret. Også andre kommunale oppgåver kan vere aktuelle.

Om stillingane:
Ledig fastlegeheimel (driftsavtale):
Det er ledig fastlegeheimel ved legesenteret på Heggenes frå 1. desember 2023.

Kommunen tilbyr ei 8.2-avtale, der kommunen m.a. dekker husleige (inkl. m.a. reinhald, straum og drift av IKT), det meste av inventar/utstyr, samt kostnadar til hjelpepersonell innanfor ei ramme på 4,1 årsverk. Som lege vil du ikkje ha arbeidsgjevaransvar for hjelpepersonellet. Som kompensasjon for dette betaler ikkje kommunen ut basistilskott, utjamningstilskott eller praksiskompensasjon.
Listelengde: Lista har 1230 pasientar, og det gode inntjeningsmoglegheiter i heimelen. Listelengda kan – om ynskjeleg - endrast.

Ledig legestilling (fastlønna lege):
Det er ledig nyoppretta 100% stilling som lege ved legesenteret på Heggenes.

Dette er i utgangspunktet ei 0-liste, men kommunen har for tida venteliste på 167 pasientar. Andre kommunale oppgåver må påreknast.
I tillegg til lønn er det etablert ei bonusordning, der 30 % av refusjoner og pasientens eigenbetaling blir utbetalt som bonus.
Oppstart etter avtale.

Felles for stillinganeheimlane:
Det er inngått avtale om interkommunal legevakt (18-delt vakt) for seks kommunar i valdresregionen, og tiltredande legar inngår i utgangspunktet i denne ordninga
 
Kvalifikasjonar
Vi ynskjer velkommen spesialistar i allmennmedisin eller nyutdanna allmennlegar under spesialisering (ALIS).


Vi tilbyr
Kommunen jobbar aktivt med samhandling og digitalisering for ei effektivisering av legetenestene, noko vi håper vil betre arbeidskvardagen for legane.

Kommunen vil legge til rette for spesialisering og kompetanseutvikling.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Øystre Slidre kommune
Kontaktperson
Navn: Per Bo Svensson
Tittel: Tenesteleiar helse og tilrettelagte tenester
Telefon: 92666185
Arbeidssted
Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES
Søk på stillingen