Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Som det største sjukehuset i Helse Møre og Romsdal ønsker Ålesund sjukehus å styrke kompetansen i akuttmottaket og bedre pasientflyt og -sikkerhet. Vi er derfor på jakt etter vår første spesialist og overlege i Akutt- og mottaksmedisin.
Vi planlegg nytt akuttmottak og korttidspost (20 senger) i AIO-prosjektet.
Akuttlegen skal jobbe i henhald til spesialiteten i akutt - og mottaksmedisin. Vi søkjer derfor ein lege som har denne spesialiteten, eller som nærmar seg ferdig spesialist. Akutt - og mottakslegen vil administrativt og fagleg vere underlagt Avdeling for medisin som del av Klinikk Ålesund.
Vi har i dag seksjonert vakt i kardiologi og nefrologi i tillegg til bakvakt medisin. Vidare er her vakt i urologi, gastroenterologi og karkirurgi i tillegg til ortopedi innan kirurgiske fag. Her er også egne vaktlag i pediatri, onkologi, gynekologi, ØNH og augesjukdomar.
Legen som tilsettes blir ein del av Seksjon for medisinske legar og inkluderes i kollegiet. Det blir lagt til rette for deltaking i fellesmøter og internundervisning samt deltaking i generell bakvakt medisin om ønskjeleg.
Vi ser fram til å få deg med på laget!
Arbeidsoppgåver
- Initial klinisk vurdering, prioritering og behandling
- Pasientlogistikk og flyt internt i akuttmottaket og mot andre seksjonar
- Klinisk støtte, supervisjon og rettleiing av legar og studentar under utdanning
- Deltaking i tverrfaglege team
- Rådgjeving og rettleiing av primærhelsetenesta i akutte problemstillingar
- Ansvar for ø-hjelps poliklinikk på dagtid
- Fagutvikling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent spesialitet i akutt - og mottaksmedisin ønskelig
- Må beherske norsk språk munnleg og skriftleg for forsvarleg yrkesutøvelse
Personlege eigenskapar
- Engasjert og målstyrt
- Beslutningsdyktig og selvstendig
- Gode formidlingsevner
- Omgjengelig og inkluderande
- Interesse for organisatoriske forhold og tenester
- Evne til å takle arbeidspress og stor variasjon i arbeidsoppgåver
- Nytenkande
- Personlig egnethet vil bli vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål blir lasta opp og lagt ved søknad og CV.
Ålesund sjukehus ligg omkransa av flott natur, fjord og fjell. Ålesund kan tilby urbant og rikt kulturliv med konsertar og festivalar. Vi har nærleik til ekstreme naturopplevingar både sommar og vinter,somtoppturar i Sunnmørsalpane og padling i havgapet. Vil du lese meir om regionen vår, sjå her.