velkomen til Ulvik - Ulvik kommune
Ulvik herad ligg ved Hardangerfjorden og er omkransa av flotte skog- og fjellområde som innbyr til tur- og friluftsliv heile året og eit yrande badeliv om sommaren. Me har eit aktivt idretts- og kulturliv, med flotte anlegg for leik og idrett både sommar og vinter. Kulturlivet i bygda blømer med blueshelg, siderslepp, HardangerSUS, poesifestival og oktobertorg - og mykje meir! I Hauge-senteret kan du oppleva den folkekjære diktaren Olav H. Hauge sitt liv og verk. Heradet har eit godt utbygt tenestetilbod, med full barnehage- og SFO-dekking. Frukt og siderruta ligg i Ulvik herad, som også er ein Cittaslowkommune. Meir informasjon om Ulvik og om Cittaslow finn du på vår heimeside
www.ulvik.kommune.no og
www.visitulvik.no.
Kommunelegekontoret har 2 fastlegar og LIS1. Kommuneoverlegen si liste vert ledig grunna nedtrapping mot pensjonsalder. Kommuneoverlegen vil ha rettleiingsfunksjon. Listelengde 600, kommunale legeoppgåver i 20 % av stillinga. Fastlegen deltar i interkommunal legevaktordning.