Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Ønskjer du å bli vår nye kollega? Her ved BUP Molde kan vi tilby meiningsfulle og spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø.
Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av Poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Døgnseksjonen består av ein akutt- og utredningseining (sengepost i Ålesund) og ei familieeining i Molde.
Poliklinikken i Molde har ledige stillingar, både fast og vikariat, for lege i spesialisering. Stillingane er knytt til team som arbeider med barn og unge i alderen 6-18 år.
BUP Molde har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. BUP Molde har ei stabil og god bemanning av overlegar og kan gi LIS-legane god oppfølging, undervisning og rettleiing. Det blir underteikna ein individuell utdanningsplan ved tilsetting.
Poliklinikken er organisert i tverrfaglege geografiske team og vi har i tillegg eige småbarnsteam, akutt/ambulant team og spesialiserte behandlingsteam som til dømes FBT, TF-CBT og OCD. Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver til våre samarbeidspartar er ei forventa arbeidsoppgåve.
Om du søkjer både på fast og vikariat ber vi om at du skriv det i søknaden. Attestar/tenestebevis frå tidlegare arbeidsforhold må lastast opp som vedlegg til CV/søknad.
Etter jobb kan du nyte byen, naturen og kulturen:
Molde er rosene, jazzen og kulturen sin by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, golf, segling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféar og restaurantar. Les meir om Molde og Romsdalen her: https://www.fjordnorway.com/no/attraksjoner/molde
Arbeidsoppgåver
- Som lege i spesialisering vil du ha varierte arbeidsoppgåver, slik at du kan opparbeide deg den kunnskapen og erfaringa som trengs for å bli ein god spesialist
- Sentrale arbeidsoppgåver er utgreiing, medisinering, terapi, rettleiing av føresette og eksterne samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Legar utan LIS 1, kan søkje på midlertidig stilling
- Svært gode norskkunnskapar (ev. svensk eller dansk) både skriftleg og munnleg
- Den som får tilbod om stillinga må legge fram godkjent politiattest (vandel) jfr. Lov om helsepersonell §20 a
Personlege eigenskapar
- Du bør ha evne og vilje til samarbeid og omstilling
- Vi ønsker oss ein tilsett som vil bidra i seksjonen si fag- og organisasjonsutvikling
- Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eiga arbeidskvardag
Vi tilbyr
- Vekeleg rettleiing av spesialist
- Strukturert utdanningsstilling med deltaking i lokal og regional undervisning
- Individuell utdanningsplan ved tilsetting
- Vanleg dagarbeidstid 0800 -1600.
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår