Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Du finn Volda midt i det beste Noreg kan tilby av fjord og fjell. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi tilbyr også eit særs blomstrande kultur og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her: https://youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY og her: https://youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY
Vi har ledig for Lege i speialisering innan kirurgi:
- Vikariat for perioden 24.04.2023-31.05.2024 med mogleg forlenging
- Vikariat for perioden 08.05.2o23- 05.11.2023
Volda sjukehus er eit veldreve lokalsjukehus med full akutt- og traumefunksjon. Kirurgisk avdeling har spesialistar innan generell- og gastrokirurgi samt urologi. Som LIS2 går du i eit felles 6-delt vaktsjikt med LIS2 i ortopedi, med ansvar for både generellkirurgiske og ortopediske pasientar. Dette gir deg ei variert kirurgisk grunnopplæring og eit godt fundament for vidare spesialisering.»
Søkjarar må spesifisere kva for ei av vikariata dei søkjer på
Arbeidsoppgåver
- Deltaking i vaktarbeid, sengepost, dagkirurgi, poliklinikk og operasjon
Kvalifikasjonar
- Søkjar må ha norsk autorisasjon som lege
- Godkjend LIS1
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Personelege eigenskapar vert vektlagde
- Gode samarbeidsevner
- Strukturert og engasjert
- Medverke til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt miljø
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår