Vi søker etter ein overlege som har lyst å bli del av eit engasjert og fagleg sterkt team, og bidrar i nybrotsarbeidet på eit spesialisert behandlingstilbod til pasientar med alvorlege rus- og psykiske lidingar med hovudmål om integrert behandling.
ROP-sengeposten starta opp i januar 2023 som ein del av Helse Bergens satsing på Fagleg integrasjon psykisk helsevern og rusmedisin. Vi ønsker å kunna helsa pasientane våre velkommen med å seia: “Her er du på rett plass for å få behandling for begge delar – rus og psykisk liding, velkommen skal du vera!”
ROP-sengeposten gir tilbod som inkluderer avrusing, stabilisering, utgreiing og behandling til pasientar med alvorlege rus- og psykiske lidingar. ROP-pasientane sin tilstand kan ofte karakteriserast som kronisk med svingande forløp, samstundes som stabile behandlingsrelasjonar er viktig. Dei fleste vil også ha behov for kommunale tenester, og god samhandling med kommunane blir derfor ei sentral oppgåve. Å utvikle gode overgangar mellom ulike fasar i behandlingsforløpa er vesentleg, mellom anna kontakt med pasientar og samarbeidspartnarar både før og etter innlegging i døgnposten. Teamet rundt pasienten arbeider recovery-orientert med ein heilskapleg tilnærming til pasientens kvardag der man er opptatt av bustad, arbeid og ei meiningsfull fritid. Rettleiing og kompetansebygging overfor andre blir også ein vesentleg del av oppgåvene, både i høve til andre einingar i spesialisthelsetenesta, og overfor kommunane. Den faglege profilen til sengeposten har fokus på integrert behandling der pasienten får oppfølging for både sin rusavhengigheit og psykiske liding av same team. Fokus på somatisk helse og levevanar er også ein svært viktig del av behandlinga.
Sengeposten er lokalisert i Dr. Martens bygget på Sandviken-området og er ein del av Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen. Psykiatrisk klinikk er ein arbeidsplass med vel 750 tilsette som tilbyr spesialisert vurdering, diagnostisering, behandling og rehabilitering for vaksne over 18 år. Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn i psykisk helsevern. Kvalitet i behandling og pasienttryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt.
ROP-sengepost har starta drifta i januar 2023. Vi har ein veldig dyktig overlege som er spesialist i både psykiatri og rus- og avhengighetsmedisin. Dessutan får vi ein LIS3 frå april 2023 og ein LIS1 frå mai 2023. I tillegg har vi tilsett ein psykologspesialist i 100% stilling og ein psykologspesialist i 50% stilling. Seksjonleiar for sengeposten er også psykologspesialist.
No søker vi etter ein til dyktig psykiater og/eller spesialist i rus- og avhengigheitsmedisin i fast stilling med oppstart så snart som mogleg. Som overlege ved ROP-eininga vil du få sjanse til å gi pasientgruppa eit mer heilskapleg tilbod. Vi inviterer deg som er den engasjerte overlegen til å ta samarbeidet mellom psykisk helsevern, avdeling for rusmedisin, DPS-a og dei kommunale tenestene eit viktig steg vidare. Du ønsker å ta aktiv del i oppbygginga av dette nye tilbodet i lag med andre gode kollegaer og vil bidra med eit engasjert blikk og konstruktive innspel. Saman med behandlar- og leiargruppen av ROP-eininga vil du utgjere kjerneteamet i arbeidet. Her får du sjansen til å arbeide både direkte med pasientane i heilskaplege pasientforløp, samt å arbeide meir utoverretta med rettleiing og samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.