Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her https://www.youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY
- Og her https://www.youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY
Vi har ledig fast stilling som overlege - spesialist innan endokrinologi
Medisinske legar Volda er ein seksjon tilhøyrande Klinikk Volda med 10 stillingar for overlege og 10 stiilingar for LIS2 og 8 stillingar for LIS1. Vi har akuttfunksjonar og har slike greinspesialitetar/funkjsonar: gastroenterolog, kardiolog, endokrinolog, geriater, hematolog og lungespesialist.
Vi yter spesialisthelsetenester til Søre Sunnmøre og har omlag 50 000 innbyggjarar i opptaksområdet.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon, må leggast ved søknad på stilling.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid på poliklinikk og sengepost
- Supervisjon og rettleiing av LIS
- Internundervising
- Deltaking i vaktteneste
Kvalifikasjonar
- Godkjend spesialitet innan endokrinologi
- Gode norkskunnskapar
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjement
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Medverke til eit felles godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår