Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Kan du tenkje deg å bli ein del av vårt team ved kirurgisk avdeling i Ålesund?
Vi driv aktivt med forskning og 3 overlegar har doktorgrad. Vi er den største kirurgiske avdelinga i HMR og har mellom anna ansvar for kar og mamma endokrinkirurgi for heile fylket. Det utførast colorectal cancerkirurgi med ca 50 operasjonar for canser recti og ca 120 for canser coli per år. Vi er pt 15 overlegar, 10 LIS 2/3 og 15 LIS 1.
-6 måneders vikariat fra 15/05/23 LIS 2 kirurgi.
-1 års vikariat 01/09/23 LIS 3 mamma/endokrinkirurgi
Ved intern tilsetting kan andre vikariat som LIS 2 bli ledig.
Søkjarar må spesifisere kva stilling dei søkjer på.
Ålesund sjukehus ligg omkransa av flott natur, fjord og fjell. Ålesund kan tilby urbant og rikt kulturlivmed konsertar og festivalar. Vi har nærleik til ekstreme naturopplevingar både sommar og vinter, som toppturar i Sunnmørsalpane og padling i havgapet. Vil du lese meir om regionen vår, sjå her: Visit Ålesund og Sunnmøre
Arbeidsoppgåver
- Vaktarbeid, sengepost, dagkirurgi, poliklinikk, operasjon inngår i LIS 2/3 vaktsskift, delte vaktdøgn, for
tida 9-delt vakt
- Delar av tenesta i mamma/endokrinkirurgi kan vere utan vakt
Kvalifikasjonar
- Søkjar må ha norsk autorisasjon som lege, og må legge ved søknadsblankett for legestillingar
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- God samarbeidsevne
- Det å vere personleg egna vil bli vektlagt.
- Strukturert. Engasjert.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår