Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Vi søker etter deg som vil vera med på laget når vi skal fortsette arbeidet med å vidareutvikle ei solid og fagleg sterk anestesiavdeling ved Stord sjukehus. Vi har gått vekk frå heimevaktsordninga. No er anestesilegane våre til stades der det skjer, og vi er stolte av å presentere ei vaktordning som aukar pasienttryggleiken samstundes som legane våre trivst med å vera tett på heile døgeret. I kollegagruppa har vi 5 dyktige anestesioverlegar som vert dine næraste kollegaer. Vi har varierte arbeidsdagar ved sjukehuset i ei nyare operasjonsavdeling med 4 operasjonsstover. Sjukehuset vårt har fødeavdeling og intensivavdeling, og vi tener generell kirurgi, ortopedi, gynekologi/obstetrikk, tannbehandling, ØNH og urologiske inngrep. Høyres dette ut som noko som kan passe for deg?    

Vi treng deg som brenn for fag og pasienttryggleik, og om du i tillegg er god på kommunikasjon og bidrar til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, ja, då er me interessert i å komme i kontakt med deg!     

Anestesilegen som blir tilsett hos oss vil ha moglegheit til å disponere bustad på sjukehuset sitt område dersom det skulle vera av interesse. Vi har ein god tenesteplan der kvar 6.veke er "nulltimarsveke" - med fri både fredag og helga før. Helga før "nulltimarsveka" startar med at ein går av vakt fredag morgon kl 0800. 

Sjukehuset vårt har eit nedslagsfelt på rundt 50 000 innbyggjarar. Avdelinga har om lag 2500 anestesiar kvart år. Vi har pr. no ikkje LIS i anestesiologi. Anestesioverlegane våre er difor sentrale i pasientbehandlinga vår. 

Vi har byliv tett på sjø og fjell, og mange flotte turløyper i kommunen. Her kan du bu landleg eller sentralt med restaurantar, butikkar, kultursenter og idrettsannlegg i nærområdet. Oppvekstvilkåra for barn og ungdom er gode, vi har fleire barne- og ungdomsskular, og eit mangfaldig tilbod innan idrett, kunst og kultur. På Stord finn ein fleire vidaregåande skular og Høgskulen på Vestlandet. 

Stord er ei øy på Vestlandet. Vi har god tilknytting til fastlandet med bru- og tunnelsamband. Bykommunen vår ligg sentralt plassert mellom Stavanger og Bergen. Vi har flyplass med direkterute til Oslo, og kommunen er elles eit sentralt trafikknutepunkt. Ta kontakt ved spørsmål, vi vil gjerne høyre frå deg! 

Arbeidsoppgåver

  • Variert anestesiologisk arbeid knytt til elektiv virksomhet og øyeblikkelig hjelp.                                                                                                                                                               Vi fordeler operasjonsprogrammet vårt på 4 operasjonsstover i ei nyare og fin avdeling.
  • Anestesioverlegane våre inngår i vaktordninga med 24-timers vakt. Kvar 6.veke er "nulltimarsveke". 
  • Mottak av pasientar i anestesi poliklinikk før operasjonsdag
  • Avdelinga kan legge til rette for at ein kan fordjupe seg i område ein er spesielt interessert i, t.d. traumebehandling, blokkadar, smertebehandling, nyføddresuscitering eller anna.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Norsk spesialistgodkjenning i anestesiologi. Vi oppmodar også LIS i sluttfase av spesialiseringa til å søke.
  • Relevant praksis og erfaring frå norske sjukehus. 
  • Ein må kunne inngå i aktuell vaktordning/tenesteplan som inkluderer 24-timers vakter utan forvakt. 
  • God kommunikasjonsevne er viktig for oss, og vert vektlagd. Gode språkkunnskapar er difor eit krav. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad. 

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonseevner og personleg kompetanse blir vektlagd.
  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
  • Bidrar til eit godt samarbeid og eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og på tvers av seksjonar.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Konkurransedyktig pensjonsordning.
  • Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Bustad/ leilegheit/ hybel til disposisjon utan kostnad inntil 2 år frå oppstartsdato (gjeld sjukehuset sine bueiningar på sjukehusområdet). Oppgi evt. behov i søknadstekst.
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø.
  • Fagleg utvikling gjennom løna utdanningspermisjon ihht gjeldande overeinskomst og 10 permisjonsdagar til etter- og vidareutdanning pr. år.

 

Mangfaldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktpersoner
Navn: Anne-Beth Njærheim
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 915 16 011
E-post: anne.beth.njerheim@helse-fonna.no
Navn: Dag Rune Vatle
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 922 17 601
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Akuttmottak og anestesi seksjon Stord, Helse Fonna HF
Tysevegen 64
5416 Stord