Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Vi har ledig vikariat for lege i spesialisering med oppstart frå snarast!

Seksjon for Auge er ein av sju seksjonar innan kirurgisk avdeling ved Ålesund sjukehus. Vi har i dag fire overlegar, fire LIS, ein optometrist og ein ortoptist.  Opptaksområdet vårt er i hovudsak Sunnmøre med cirka 150 000 innbyggarar. Vi har fylkesfunksjon for oppfølging av premature og ROP-screening.
For å sikre eit robust og godt fagmiljø ønsker vi å styrke teamet vårt med fleire legar. 

Vil du bli med på laget og skape gode helsetenester for pasientane våre, i eit spennande og engasjert fagmiljø?
Send oss ein søknad, vi vil veldig gjerne høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • 4-delt vaktordning
  • Arbeid i poliklinikk og operasjonsstove
  • Halde undervisning for kollegaer og sjukepleiegruppa

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Må mestre norsk språk, både munnleg og skriftleg
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning 

Personlege eigenskapar

  • Pasienten i fokus
  • Positiv innstilling
  • Stort engasjement for pasient og oftalmologi
  • Fleksibel
  • Like å undervise
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Gode evner til kommunikasjon og samarbeid

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan.

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering. 

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Karoline Roald Skjong
Tittel: Konst. seksjonsleiar
Telefon: 93898973
E-post: Karoline.Roald.Skjong@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
AUGE ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund sjukehus
6017 Ålesund