Barne- og ungdomsklinikken (BUK) har ledig to faste 100% stillingar som overlege, samt eit vikariat i 100% stilling som overlege ved seksjon for infeksjon lunge og akutt medisin.
Klinikken auka aldersgrensa til 18 år frå januar 2023 og ungdomsmedisin er satsingsområde. Barne- og ungdomsklinikken (BUK) i Bergen er ein av Noregs største barne- og ungdomsavdelingar. Klinikken har 67 senger, ca. 4400
medisinske innleggingar og 30000 polikliniske konsultasjonar årleg. Klinikken
er organisert i 9 fagseksjonar inklusive barnekirurgi. God pasientbehandling,
opplæring, utdanning og forsking er prioriterte oppgåver ved klinikken. Barne-
og ungdomsklinikken har også ansvar for undersøkingar ved Barnehuset i Bergen
og tilsyn ved fødeavdelinga ved Voss sjukehus. I 2023 flyttar vi inn i nytt Barne- og ungdomssjukehus der vi samlar all utgreiing, behandling og oppfølging av barn- og unge innan somatikk
og psykisk helsevern.
Seksjonen ivaretar generell pediatri, infeksjoner, lungesjukdommar, akutt og allergi og har ansvar for Barne- og ungdomsmottak og Barneovervakingen. Seksjonen har også stor poliklinisk aktivitet. Vi har eit godt utrusta hjarte- og lungelaboratorium. Seksjonen har høg pasientflyt, særleg i vintersesongen. Opplæring av LIS legar er også viktig i seksjonen. For tida har vi 6 overlegar på seksjonen. Arbeidsmiljøet er energisk og sosialt.
Vi ønsker barnelegar med spesiell kompetanse eller interesse for akuttmedisin, infeksjon, lungemedisin og/eller allergi. Det er ein fordel med breidde i arbeidserfaringa, og man må rekne med å dekke fleire enn eitt felt i sitt arbeid. Vi søker spesifikt etter lungekompetanse. Legar i sluttfase av spesialistutdanning kan også søke vikariatet.
Eigenskapar vi ser spesielt etter er høg arbeidskapasitet, hjelpsemd, fleksibilitet og evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert. Seksjonen har eit eige ansvar for opplæring av nye legar, og pedagogiske evner vil bli lagt vekt på. Det er forventa deltaking i ei av bakvaktordningane ved Barne- og ungdomsklinikken etter kompetanse og klinikkens behov.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.