Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Innan nevrologi har vi 8 overlegestillingar og 8 stillingar for LIS. Nevrologi er organisert som ein eigen eining i Medisinsk klinikk. Eininga har poliklinikk (generell og spesialpoliklinikk for MS, epilepsi, parkinson, hjerneslag, ALS/Huntington/nevro-onkologi, botox), nevrofysiologisk laboratorium og ein sengepost med 8 senger til generell nevrologi og 6 til slagpasientar.

Nevrologi er eit fag i stadig utvikling, med nye og aukande behandlingsmoglegheiter. Som LIS nevrologi vil du møte pasientar i alle aldersgrupper med masse spennande sjukdommar og tverrfaglege utfordringar. Samarbeid med andre faggrupper som bl.a terapeutane er viktig.

Om du ønskjer å vete korleis det er å jobbe hos oss, så kan du ta kontakt med ein av våre LIS; Matshidiso Segokgo

Vi vil kontakte aktuelle søkjerar fortløpande.

 

Arbeidsoppgåver

  • Sengepostarbeid saman med overlege
  • Etterkvart moglegheit for poliklinisk arbeid
  • Deltaking i tverrfaglig samarbeid
  • Moglegheit for deltaking på botoxbehandling
  • Spinalpunksjon
  • Det er for tida 8-delt tilstadesvakt i seksjonen.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege med fullført turnustjeneste eller snart ferdig
  • Det er ein fordel om søkjaren har arbeidd på norsk sjukehus
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein entusiastisk lege som ønskjer å bli nevrolog
  • Gode sosiale eigenskaper er viktig
  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du er punktleg og påliteleg

Vi tilbyr

  • Grundig opplæring i prosedyrer og vaktoppgaver
  • Fast veiledning
  • Kvar 8.veke avspasering
  • Det er avsett tid i arbeidsplanen til fordjuping 1 dag anna kvar veke
  • Aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Helse Vest HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Vest HF ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktpersoner
Navn: Matshidiso Segokgo
Tittel: LIS 3
Telefon: 52755663
E-post: matshidiso.tumelo.segokgo@helse-fonna.no
Navn: Ineke Hogenesch
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 52732590
Navn: Kirsten Solstrand
Tittel: Funksjonsleder
Telefon: 94827389
E-post: kirsten.solstrand@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Nevrologisk avdeling, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND