Kort om arbeidsgiver
Voss herad har om lag 15.800 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.
Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen.
Verdiane våre: profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
Om stillinga
Me har ledig ein fastløna fastlegestilling på vårt flotte legesenter i Knutepunktet. Denne er nyleg omgjort frå privat næringsdrivande heimel til fastløna stilling. Dette vert den 8. fastlegeheimelen ved legekontoret.
Stillinga er 100% med snarleg tiltreding.
Listetak på 1000 pasientar, med nedjustering på 200-400 pasientar for andre kommunale oppgåve. For ny eller uerfarne ALIS reknar me 160 pasienter per kurative dag.
Om du allereie er spesialist eller er i spesialisering vil du oppleva eit godt kollegialt samhald, tverrfagleg samarbeid, trygge ramme. Voss er godkjent som utdanningsverksemd og kan tilby avtale for lege i spesialisering (ALIS-avtale).
Me tilbyr gode ALIS-forløp med rettleiing og har fokus på kvalitet i tenesta.
Om arbeidsstaden
Voss legekontor har nye og topp moderne lokale i Knutepunktet like ved togstasjonen på Vossevangen. Det er kort avstand til samarbeidsinstanser som NAV, PPT og Helsestasjon då dei er lokalisert i same bygg. Det er også kort veg til legevakta.
Til saman jobbar det 8 fastlegar, 1 LIS1 lege, 4 sjukepleiarar, 1 helsesekretær og 1 sekretær ved legekontoret. Det er eit godt arbeidsmiljø.
Kontoret nyttar InfoDoc Plenario journalsystem.
Til saman har Voss herad per i dag 19 fastlegeheimlar og 2 LIS1-stillingar. Voss er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid om legevakt i distriktet (Voss IKL). Legevakta er velfungerande og for tida lokalisert i same lokale som akuttmottaket på Voss Sjukehus. Dette gir eit godt fagmiljø med kompetente legar og sjukepleiarar. Vaktbelastning er per dags dato ca. 3 - 4 vakter i månaden.
Arbeidsoppgåver
Kurativ legeteneste ved Voss legekontor. Ved gjenopning av utekontoret i Granvin kan deltaking i rotasjon hit verte aktuelt.
Deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid.
Kommunalt helsearbeid som arbeid ved sjukeheimar, flyktningsteneste, helsestasjonen og/eller i skulehelsetenesta må påreknast, 1-2 dagar per veke.
Løypande oppgåve knytt til kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid.
Inntil ein dag i veka med deltaking i daglegevaktordning lokalt for Voss herad i tillegg til ordinære vakter ved Voss IKL.
Me søkjer
- Norsk autorisasjon som lege.
- Er spesialist i allmennmedisin eller i spesialisering til dette.
- Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
- Innehar førarkort klasse B.
-Legen som tilsetjast må ha rett til å motta trygderefusjon.
Personlege eigenskapar vil verta vektlagt.
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i heimelen.
Me tilbyr
- listetak p.t. på 1000 pasientar, men vil verta justert ned ved deltaking i andre kommunale oppgåver.
- gode vilkår for fagleg utvikling og rettleiing.
- Tilrettelegging for spesialiseringsløp i allmennmedisin.
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø.
- gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- fastløn etter eigen kompetansestige med startløn på 1 million kr for leger som har fullført LIS1 teneste.
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.