Kort om arbeidsgiver
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.131 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Kinn kommune har ledig 2 fastlegeheimlar som sjølvstendig næringsdrivande ved Måløy legekontor. Heimlane er ledige for oppstart frå 01.03.2023.
Det vil også vert ledig eit vikariat frå 01.05.2023.
Legekontoret har 9 faste heimlar og ein Lis 1 knytt til kontoret. Alderssammensetninga blant legane på kontoret er mellom 30 - 60 år. Det er tre legar som er spesialister i allmennmedisin. Listestorleik på fastlegelistene er 800 pasientar. I ein oppstartsfase kan det for leger i starten av spesialiseringa avtales redusert listelengde.
Kontoret har tilsett leger og hjelpepersonell med lang erfaring og brei faglig kompetanse. Hjelpepersonell i kontoret er kommunalt tilsett.
Kontoret nyttar Infodoc EPJ og Convene betalingssystem.
Arbeidsoppgåver
Legekontoret er godt etablert i lyse og fine lokaler sentralt i rådhuset i Måløy. Tal innbyggjarar som bur i Kinn kommune er ca 17200 . Av desse er det ca 5500 som bur i Måløy og omegn og som soknar til dette legekontoret. På rådhuset finn du og helsestasjon, barnevern, Nav, sentraladministrasjon og Servicekontor.
Legekontoret har legevakt på dagtid kl. 08.00 - 16.00 måndag til fredag.
For legevakt på kveld, helg og natt er det etablert interkommunal legevakt, Nordfjord legevakt som lokalisert til Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid, (ca 45 min kjøretur frå Måløy).
Her er det 5 kommunale ØDH/obs - senger som er samlokalisert og knytt til legevakta.
Vaktbelastning med eit gjennomsnitt på om lag 3 vakter per månad med vaktlengde på maksimalt 9 timar, fastløn. Legevakta er alltid bemanna med 2 sjukepleiarar i 3-delt vakt.
Kommunale bistillingar etter gjeldane avtalar dvs. inntil 7.5 timar per veke.
Kvalifikasjonar
- Interesse for allmennmedisin
- Gyldig norsk autorisasjon
- Gode norskkunnskaper både skriftlig og munnleg
- Ferdig med LIS 1 - tjeneste og som har byrja på eller ferdig med spesialiteten i allmennmedisin
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig og fleksibel
- Gode samarbeidsevner
- Pasienten i fokus
- Bidrar til positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Varierte fastlege oppgaver
- Godt tverrfaglig samarbeid
- Ein framtidsretta arbeidsplass i utvikling
Tilrettelegging for spesialistutdanning, ALIS- tilskot, også for vikarar som gjer avtale om ein lengre arbeidsperiode.
Driftsavtalen med kommunen er ein 8.2 - avtale der kommunen driftar praksis ( kontorlokale, utstyr og hjelpepersonell) i byte mot per capita tilskotet og ein mindre månedlig sum for materiell pr lege. Det vert ikkje krevd
goodwill.
Lønn for offentlig arbeid etter avtale.