Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver

Det er ledig stilling for LIS3 ved tverrfagleg behandlarteam Døgnpost Folgefonn DPS, Valen 

Folgefonn DPS er ein seksjon i klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna HF. Folgefonn DPS har ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestene i kommunane Kvinnherad og Ullensvang med eit samla befolkningsgrunnlag på ca. 22 000 innbyggjarar.

Folgefonn DPS har idag 12 døgnplassar totalt fordelt på psykose-/rehab.- og allmennpsykiatrisk post på Valen. Det vert gjeve tilbod om kriseplass og brukarstyrt opphald. Døgnavdeling Valen har eit tverrfagleg behandlarteam med 2 stillingar for overlege i psykiatri, psykolog og LIS3-lege. Døgnavdelinga er godt bemanna med spesialsjukepleiarar og hjelpepleiarar.

Helse Fonna HF legg til rette for gjennomføring av heile spesialiseringsløpet i foretaket.

 Folgefonn DPS er godkjent utdanningsinstitusjon i psykiatri med 2 år med desse områda:

  • Langtidsbehandling/rehabilitering av psykoselidingar,
  • Fordjupningsteneste i korttidsintervensjon av ikkje - psykotiske tilstandar
  • Allmennpsykiatrisk poliklinikk.

Valen sjukehus ligg 20 m unna og har videre 2 år med godkjenning på andre områder:

  • Akutt psykiatrisk post
  • Langtidsposter, med spesialisering på psykose, rehabiliterings-, og sikkerhetspsykiatri, som lis vil bli innlemma i sin 5-års-rotasjon, om ønskjeleg.

Det siste året kan gjennomførast i BUP på tettsted 6 km unna, eller på Stord DPS med stor poliklinikk og 2 sengeavdelinger som står i kontinuerlig kontakt med dette systemet som består av desse tre institusjoner i HF: Folgefonn DPS, Stord DPS og Valen sjukehus

Folgefonn DPS har godkjenning som sideutdanning  for allmennlegar.  

Det er høve til å søkja stilling for ein kortare periode om det er behov for det.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar i samarbeid med overlege på den aktuelle eininga
  • Vere ein aktiv del av det tverrfaglege behandlingsteamet
  • Medikamentell behandling, individualterapi, vurdere pas. for andre behandlingsformer bla. rus- og allmennpoliklinikk med treningspoliklinikk og strukturert dagbehandling

Kvalifikasjonar

  • Godkjent medisinsk embetseksamen.
  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Gjennomført LIS1 teneste eller tilsvarande 
  • Grunnleggande IKT-kompetanse, kunnskap om EPJ og andre fagsystem.
  • Lege med lisens kan verta midlertidig tilsett ved mangel på kvalifiserte søkjarar
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må bestå norsktest på B2 nivå.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer etter ein pasientorientert medarbeidar med evne til å arbeide strukturert
  • Gode kommunikasjonsevner
  • God teamarbeidar

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemskap i pensjonsording, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift ( IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Fagleg vegleiing individuelt og i grupper
  • Internundervisning og regelmessig fagleg fellesskap med Valen sjukehus.
  • Aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Hjelp til å skaffa bustad

 

Mangfaldserklæring
Helse Vest HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Vest HF ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Kontaktpersoner
Navn: Ib Kollerup
Tittel: Overlege i psykiatri
Telefon: 53466453
E-post: ib.kollerup@helse-fonna.no
Navn: Hege Lægreid Røssland
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 53 46 64 12
E-post: hege.laegreid.rossland@helse-fonna.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Folgefonn DPS, Helse Fonna HF
Sjukehusvegen 13
5451 Valen