Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune har ledig 100% stilling som sommervikar for fastlegane ved Moberg kommunale fastlegesenter i vekene 27-31. Stillinga er fastlønna.

Arbeidsstad Moberg legesenter
Moberg legesenter ligg omlag 15 minutt med bil frå Bergen sentrum. Vi har idag ein fire-legepraksis fordelt på tre ALIS legar og ein lege spesialist i allmennmedisin.I tillegg har vi  LIS1 lege og  to legesekretærer i 100 % stilling. Legesenteret held til i romslege lokale i Irisgården. Lokala har m.a. lab, sårstove og egent GU rom. Lunsjrom med fullt kjøkken. Legesenteret nyttar journalsystemet Infodoc. Der er Norsk HelseNett, NEL-tilgang og tilgang til Bliksund. Legesenteret har laboratorium med Spirometri, EKG, 24/4 EKG og 24 t BT kopla opp mot epj. Vidare HbA1c, CRP, INR og diverse elektronisk rekvisisjon av prøvar. Utstyr til cryobehandling og audiometri.

Om stillinga: 
  • Pasientliste 800
  • 20-delt legevakt ved interkommunal legevakt 
  • Andre kommunale oppgåver kan vere aktuelle 
Kvalifikasjonar
  • Du må ha norsk autorisasjon
  • Har du Cand.med grad eller er særlig kvalifisert stud.med m/lis kan du og søke 
  • Du må meistre norsk godt skriftleg og munnleg
  • Du er engasjasert og entusiasmisk
  • Vi legg stor vekt på dine personlege eigenskapar og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest i tråd med reglane i helseperonelllova 
Vi tilbyr:
  • Grunnlønn etter Legeforeningen sitt avtaleverk 
  • Fastlønn for legevakt
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Regelmessig internundervisning/fagforum  
  • Eit svært godt og utviklande arbeids- og fagmiljø
 
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Kontaktperson
Navn: Jonas Dale
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: +47 994 86 367
Arbeidssted
Torggata
5209 OS