Kort om arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Legevakt og legetenester
Bjørnafjorden kommune har i underkant av 25 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
Bjørnafjorden kommune har ledig 1 års 100% vikariat som fastlege ved Moberg kommunale fastlegesenter frå 21.8.23.
Arbeidsstad Moberg legesenter
Moberg legesenter ligg omlag 15 minutt med bil frå Bergen sentrum. Vi har idag ein fire-legepraksis fordelt på tre ALIS legar og ein lege spesialist i allmennmedisin.I tillegg har vi LIS1 lege og to legesekretærer i 100 % stilling. Legesenteret held til i romslege lokale i Irisgården. Lokala har m.a. lab, sårstove og egent GU rom. Lunsjrom med fullt kjøkken. Legesenteret nyttar journalsystemet Infodoc. Der er Norsk HelseNett, NEL-tilgang og tilgang til Bliksund. Legesenteret har laboratorium med Spirometri, EKG, 24/4 EKG og 24 t BT kopla opp mot epj. Vidare HbA1c, CRP, INR og diverse elektronisk rekvisisjon av prøvar. Utstyr til cryobehandling og audiometri.
Om stillinga:
- Pasientliste på 800
- 20 % av stillinga som helsestasjonslege
- 20-delt legevakt ved interkommunal legevakt
- Andre kommunale oppgåver kan vere aktuelle
Kvalifikasjonar
- Du må ha norsk autorisasjon
- Du må ha fullført LIS1
- Du må meistre norsk godt skriftleg og munnleg
- Du er lege med engasjement og entusiasme
- Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest i tråd med reglane i helseperonelllova
Vi tilbyr:
- Grunnlønn etter Legeforeningen sitt avtaleverk
- 20% insentivlønn
- Fastlønn for legevakt
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Regelmessig internundervisning/fagforum
- Eit svært godt og utviklande arbeids- og fagmiljø
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.