Kort om arbeidsgiver
Klepp kommune har 4 privatdrivne legesenter. Krossen legekontor er lokalisert i Klepp sentrum og er organisert som eit A/S der kvar fastlegeavtale er eigar i like stor del. Legesenteret har frå før 4 faste legar, som alle er spesialistar i allmennmedisin. Det er no oppretta ein ny avtale for å styrkja legetenesta i kommunen.
Legekontoret bruker webmed journalsystem, er velutstyrt og har erfarne medarbeidarar. Det er gode arbeidsforhold og stabilt arbeidsmiljø.
Nyoppretta fastlegeheimel ledig ved Krossen legesenter i Klepp kommune
Klepp kommune har 4 privatdrivne legesenter. Krossen legekontor er lokalisert i Klepp sentrum og er organisert som eit A/S der kvar fastlegeavtale er eigar i like stor del. Legesenteret har frå før 4 faste legar, som alle er spesialistar i allmennmedisin. Det er no oppretta ein ny avtale for å styrkja legetenesta i kommunen.
Legekontoret bruker webmed journalsystem, er velutstyrt og har erfarne medarbeidarar. Det er gode arbeidsforhold og stabilt arbeidsmiljø.
Den nye lista vil bli oppretta snarast, og det vil etter avtale med Klepp kommune bli gitt per. capita tilskot på 700 listeinnbyggjarar ved oppstart, som fell vekk når lista overstig 700. Det blir og gitt eit etableringstilskot pålydande kr 300 000.
Kommunen har etablert ALIS-ordning.
Dei økonomiske vilkåra knytta til praksis vert avtalt direkte med Krossen legekontor.
Offentlege oppgåver kan bli pålagt med inntil 7,5 timar pr. veke.
Deltaking i interkommunal legevakt med Time kommune ettermiddag og kveld lokalisert i Klepp sentrum og med Time og Hå kommunar på natt, lokalisert i Hå kommune.