Kvinneklinikken søker overlegar
Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er regionssjukehus for Helseregion Vest og sentralsjukehus for Vestland fylke. Vi har universitetsfunksjon og driv forsking innan fagområdet gynekologi og fødselshjelp.
Klinikken har fire avdelingar: fødeavdelinga, gynekologisk avdeling (delt i seksjon for generell gynekologi og kreft), fostermedisin/ultralyd og assistert befruktning. Vi har årleg om lag 4700 fødslar og rundt 3000 operative inngrep.
Som overlege ved Kvinneklinikken vil du ha eit sjølvstendig fagleg ansvar og vere rettleiar for LIS, ei viktig rolle ved gjennomføring av den nye utdanningsmodellen. Alle legar deltar i fagutvikling og undervisning. Jobben fordrar stor fagleg interesse og engasjement. Vi har alltid fokus på pasientryggleik, kompetanse, fagleg utvikling og brukarmedverknad.
Kvinneklinikken skal flytte inn i nytt bygg i 2023 og vi arbeider med løysingar for framtida. Det er derfor viktig at du som overlege kan bidra positivt inn i utviklingsprosjekt og forbetringsarbeid.
I tida framover har vi behov for å styrke overlegebemanninga. Vi kan tilby ein utfordrande arbeidskvardag med god moglegheit for karriereutvikling innen både klinisk kompetanse og forskingsaktivitet. Vi har eit hyggeleg kollegium som ønsker nye legar velkomne!
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.