Kort om arbeidsgiver
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
100 % stilling, ledig etter nærmere avtale. Ved eventuell interne kandidater, kan kandidat som ikkje blir innstilt til fast stilling, få tilbod om vikariat i 6-12 måneder.
Avdelinga held til på Ålesund lokalmedisinske senter, rett ved sida av Ålesund sjukehus. ØHD-avdelinga tek imot ferdig avklarte pasientar frå fastlege, legevakt og akuttmottak. Avdelinga er eit interkommunalt tilbod.
Stillinga er i kombinasjon med andre offentlege legetenester, og inneber arbeid på daglegevakt og sjukeheim i tillegg til ØHD. Ein kan tilpasse stillinga noko ut i frå interessefelt. Stillinga inneber deltaking i felles beredskapsvaktordning ved ØHD-avdelinga og overgrepsmottaket, for tiden femdelt med vakt hver femte helg.
ØHD-avdelinga er godkjent utdanningsinstitusjon for spesialiseringsløp i allmennmedisin, og verksemda har tilbod om spesialisering i ALIS løp. Ved påbegynt spesialiseringsløp, vil aktuelle kandidat få tildelt veiledar.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver er blant anna:
- Vurdere mottak av pasientar etter henvisning frå fastlege, legevaktslege og legar ved akuttmottaket ved Ålesund sjukehus.
- Inn- og utskriving samt klinisk legearbeid i høve til pasientar med gjennomsnittleg liggetid på 3 dagar.
- Sjukeheimslege, eventuelt anna arbeid etter avtale.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege.
- Fortrinnsvis spesialist i allmennmedisin eller indremedisin. Kan også være LIS 3 kandidat i spesialisering.
- God kunnskap om norsk lovverk.
- Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid i avdelinga med fokus på pasientsikkerhet.
- Gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Evne til å jobbe i team.
- Personleg eignatheit for stillinga vil bli lagt stor vekt på.
Personlege eigenskapar
- Å vere personleg eigna for stillinga vil verte lagt stor vekt på.
- God arbeidskapasitet og trives med høyt arbeidstempo.
- Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer.
- Kunne arbeide i tråd med yrkesetiske retningslinjer for leger.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse og trivelige arbeidskollegaer.
- Spanande, varierende og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- God turnusordning mtp. vaktarbeid, og ved behov tilpassa veiledningstid.
- Fagutvikling via vekesmøter, internundervisning og kursing.