Kort om arbeidsgiver
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Bømlo kommune søkjer fastlegar/ALIS med kontorplassering ved Bremnes legesenter og Kystlegane. Fast løn eller næringsdrift.
Bremnes legesenter med plass til 6 legar og Kystlegane med plass til 5 legar er sentralt plassert på Svortland. Kontora er moderne og velutstyrt med høgt kvalifiserte medarbeidarar.
Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Me ynskjer å vere fleksible i høve tilrettelegging av dei praktiske sidene ved arbeidsforholdet slik at det best mogleg vert tilpassa din situasjon. Dette i drøftingar med deg.
For begge stillingane gjeld:
- Kommunal oppgåve etter nærare avtale med inntil 7,5 timar pr veke
- Pliktig deltaking i legevakt med omlag 3 vakter pr mnd ved Sunnhordland interkommunale legevakt, lokalisert i eige, nytt legevaktsbygg ved Stord sjukehus.
Kvalifikasjonar
- Lege med norsk autorisasjon.
- Spesialist i allmennmedisin eller ønskje om å starte spesialisering i allmennmedisin.
- Gjennomført LIS1 eller norsk turnusteneste.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
Ved tilsetjing er det krav om politiattest av nyare dato etter Helse og omsorgstenesteloven §5-4.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse.
- Evne til å arbeida sjølvstendig.
- Gode kommunikasjonsevner.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Me tilbyr
- Det er inngått avtale om prosentandel av Helfo-inntekter til legar med kommunal tilsetting.
- Godt arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling gjennom internundervisning, god vegleiing og supervisjon.
- Moglegheit for ALIS avtale med tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin: God vegleiing frå spesialist, fri til naudsynte kurs og dekking av kursutgift.
- Bømlo Kommune har avtale med Helse Fonna om teneste i spesialisthelsetenesta som del av spesialisering i allmennmedisin.
- Moglegheit for overgang til næringsdrift etter fullført spesialisering.