Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
DPS Kristiansund poliklinikk har ledig vikariat for lege i spesialisering i psykiatri frå 06.03.2023, men oppstartdato kan vere noko fleksibel.
For LIS3 er det ei rotasjonsordning mellom dei ulike psykiatriske seksjonane i Kristiansund og Molde slik at LIS3 får gjennomført heile spesialistutdanninga lokalt. Der er fokus på å gi LIS3 ei god spesialistutdanning med tid til klinisk rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen.
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.
Arbeidsoppgåver
- LIS3 i poliklinikk jobbar i tverrfagleg team med ei rekke ulike oppgåver knytta til behandling av dei fleste hovudgrupper av psykiske lidingar
- LIS3 gjer i samarbeid med psykiater vurderingar knytta til medisinske problemstillingar og medikamentell behandling som ein del av jobben
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Kommuniserer godt både internt og eksternt
- Stor evne til å arbeide tverrfagleg
- Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Ei god spesialistutdanning i psykiatri!
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst med eige psykiatritillegg
- Det blir gitt økonomisk dekning for gjennomføring av obligatoriske kurs
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår