Kort om arbeidsgiver
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Ålesund kommune har ein fastlegeheimel utan økonomiske hefte/listekompensasjon ledig for overdraging til ny eigar frå 01.04.2023, eller etter nærare avtale. Heimelen er tilknytt Moa Legesenter AS. Listestorleik er idag 800, men det er ynskjeleg med 1000 ut frå Ålesund kommune sin legeplan.
Moa Legesenter A/S er ein veldreven og godt etablert 4 legepraksis med sentral beliggenheit på Moa. Her er erfarne legar som gir råd og støtte, og eit rutinert og stabilt hjelpepersonell som består av helsesekretærar i 2,8 stilling.
Etter avtale mellom legen og Ålesund kommune kan legen tilpliktast offentleg arbeid på inntil 20 % stilling, med minimum 6 mnd. varsel.
Som sjølvstendig næringsdrivande lege i privat kontor mottar du, og legekontoret eit årleg tilskot frå kommunen.
Til heimelen inngår deltaking i interkommunal legevakt. Dette er en veldreven legevakt, der ein jobbar som sjølvstendig næringsdrivande på kveldsvakt i vekedagane og på helg. Det er fastlønn på natt.
Vilkår for overdraging vert avtalt med Ålesund kommune etter retningslinjene frå legeforeininga.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Gjennomført LIS1 i Norge
- Gode kommunikasjon -og samarbeidsevner
- Personlege eigenskapar for stillinga vil bli lagt stor vekt på.
- God kunnskap om norsk lovverk
- Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
- Ynskjeleg med sjølvstendig vaktkompetanse.
- Overtaking av fastlegeheimel føreset framlegging av tilfredstillande politi- og tuberkulinattest.
Personlege eigenskapar
- Personleg egna for stillinga vil bli lagt stor vekt på
- Interesse for å vere med å bidra inn i utvikling og drift av legesenteret
- Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid med fokus på pasientsikkerheit
- Evne til å jobbe i team
- Evne til fleksibilitet
- Godt humør og positiv framtoning
- God arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- Ålesund kommune er godkjent utdanningsverksemd, og vil legge til rette for spesialisering i
allmennmedisin, og du vil få tilbod om ein ALIS avtale.
- Kommunen vil tilretteleggje for at nyutdanna leger kan tilby fastlønn 1 år i starten om ein ynskjer dette, før ein går over til næringsdrift. Fastlønna lege vil få 15 % bonus på inntening.