Psykiatrisk klinikk har ledig 100% fast stilling for overlege som er spesialist i enten rus- og avhengighetsmedisin, psykiatri, allmennmedisin eller i generell indremedisin, stillinga er lokalisert på Kyrkjebø.
Rus døgn har 15 plassar som omfattar 3 plassar for avrusing, 4 stabiliseringsplassar og 8 plassar for rehabilitering. Av desse er ein plass brukarstyrt. Seksjonen er regiondekkande for Helse Vest. Det er psykiater, psykologspesialist og LIS knytt til posten.
Rus døgn driv behandling og rehabilitering innan psykiatri og rusproblematikk for Helse Vest. Vi har 15 døgnplassar, og er ein open post for rusbehandling (TSB). Vidare har vi ei aktivitetseining med tilbod om fysisk aktivitet, friluftsliv og ulike arbeidsaktivitetar. Seksjonen har omlag 60 tilsette. Frå 2023 er det plan om å utvide tilbodet til 20 plassar og ytterlegare 10-12 årsverk.
TSB er eit satsningsområde, og avdelinga ønskjer å styrke vår medisinskfaglege kompetanse og faglege utvikling ytterlegare. Vi arbeider stadig med å betre tilbodet til pasientgruppa vår
Psykiatrisk klinikk er eit distriktspsykiatrisk senter for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn, sentralsjukehusoppgåver med akutt døgn med ØH plikt, tryggleikspost, vaksenhabilitering og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har 18 faste legestillingar, LIS1 og medisinstudentar vår og haust.
Mars 2021 flytta vi inn i nybygg ved sentralsjukehuset i Førde, med 4 sengepostar, poliklinikk og Førde BUP. Rus døgn vil fortsatt vere på Kyrkjebø.
Avdelinga har fleire spennande prosjekt innan forsking og utvikling. NORSE tilbakemeldingsystem er utvikla ved vår avdeling.
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.