Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.

Kort om arbeidsgiver
Vi søkjer deg som ønskjer å jobbe i eit spennande og godt miljø og vil lære meir om sjukeheimsmedisin.
Vi treng både tilkallingsvikarar og deg som kun ønskjer å jobbe som ferievikar i sommar.

Arbeidsstad.
Pleie- og omsorgstenesta ved Luranetunet bu- og behandlingssenter på Os med kort reiseveg frå Bergen. Det vil og vere mogeleg å ta vakter ved Fusa bu- og behandlingssenter i Eikelandsosen. 

Luranetunet bu- og behandlingssenter (LBBS)  har to korttidsavdelingar og åtte langtidsavdelingar med til saman ca 175 bebuarar. Vi har òg ein ny og flott innebygd tropehage på 1300 m2, der temperaturen er behageleg heile året. 

Fusa bu-og behandlingssenter (FBBS) har ein miljøavdeling for personar med demens, ein bu avdeling og ein korttids-og rehabiliteringsavdeling med til saman ca 40 bebuarar.

Vi har og 3 kommunale ØH-senger innen somatikk, rus og psykiatri. 2 på LBBS og 1 på FBBS.

Kortidsavdelingane er for pasientar som treng vidare behandling etter sjukehusopphald (opptrening, vidare medisinsk behandling, rehabilitering), eller palliative pasientar med behov for lindrande behandling. Vi tar imot heimebuande som treng avlastning eller medisinsk utgreiing.

Teamet med sjukeheimslegar v/LBBS vil gje gode mogelegheiter for medisinstudentar med lisens å kunne jobber med god oppfølging og rettleiing av erfarne leger. Faste møtepunkt med fagleg påfyll.

Dersom du ønskjer å ta vakter ved FBBS må du oppnådd graden cand.med. Dette då du her jobbar meir sjølvstendig.

Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, behandling og oppfølging av bebuarar, inkludert legevisitt, årskontrollar og legemiddelgjennomgang
- Tverrfagleg samarbeid, samt samarbeid med pårørande og fastlegane i kommunen
- Rådgjeving og rettleiing til helsepersonell ved behov

Kvalifikasjonar
- Du er lege eller legestudentar med lisens
- Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent
- Gyldig politiattest må leggast fram

Personlege eigenskapar
- Du har interesse for feltet sjukeheimsmedisin
- Du er ansvarsbevisst, med fokus på medisinsk behandling som gjer god livskvalitet
- Du har gode samarbeidsevner,er pliktoppfyllande og fleksibel
- Du har gode kommunikasjonsevner og møter andre på ein respektfull måte

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Meiningsfull vikarjobb med nyttig og verdifull arbeidserfaring. 
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Automatisk varsling av relevante stillinger eller personlig bistand i jakten på din neste jobb.
Stillingskategori
Sykehjemslege
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Kontaktperson
Navn: Synnøve Tvedt Skarstein
Telefon: +47 467 47 564
Arbeidssted
Luranetunet bu- og behandlingssenter
Solstrandsvegen 39
5200 OS
Søk på stillingen